Den store klassereisa
ANTWERPEN: Norske skuleelvar reiser til Auschwitz. Belgiske elevar reiser til Italia. – Det er ei viktig danningsreise, seier lærar Hans de Boeck.
Groenendaalcollege ligg i eit historisk bygg i Merksem i Antwerpen. Om bygget er vakkert, er bydelen Merksem kjend for sosiale vanskar.
Foto: Groenendaalcollege
Skulereise
ronny@dagogtid.no
Merksem, ein bydel av Antwerpen, februar 2018: Ein skuleklasse samlar inn pengar til utanlandsreiser. Dag og Tid er òg til stades og betalar ein liten slump til utdanning og danning av belgiske born. Pengeinnsamlinga skjer ved sal av middag. Lokalet er pynta med bilete av kjende byggverk og kunstverk frå Italia. «Han som ikkje har vore i Italia, kjenner seg mindreverdig, fordi han veit at han ikkje har sett det han eigenleg burde ha sett», står det på framsida av ein reiseguide som blir delt ut. Den engelske diktaren Samuel Johnson er kjelda.
Reisemålet er sjølvsagt Italia.
Lærar Hans de Boeck ved Groenendaalcollege i Merksem har ansvaret for reisa. Han held tale der han peikar på den gamle tradisjonen Italia-reisene representerer: Det er eit framhald av den gamle tradisjonen med Grand Tour. Han får applaus frå foreldra som har møtt fram.
– Det er eit høgdepunkt etter mange års skulegang. Elevane gleder seg veldig mykje. Eit toppunkt er Michelangelos statue av Bibelens David, som står i Accademia-galleriet i Firenze. Vi har arbeidd med statuen i tidlegare klassesteg. No får dei endeleg sjå han i røynda, fortel han til Dag og Tid.
I Noreg har vi liknande klasseturar til utlandet. Men då handlar det om kvite bussar, og Auschwitz er målet. De Boeck er overraska når eg fortel han det:
– Vi reiser til Italia i påsken. Samtidig er det klassar overalt kring oss, der høyrer eg nederlandsk overalt. Eg kjenner ikkje til belgiske skular som gjer reiser til Auschwitz.
Skulen i Belgia
I lokalet sit det ungdom på sytten og atten år. Groenendaalcollege er ein katolsk vidaregåande skule. Dermed kunne vi tru skilnaden mellom Belgia og Noreg var stor, for i Noreg er det born i siste steget på grunnskulen som reiser til utlandet.
Men det er likevel meir komplisert. Fyrst må vi ta ein titt på det belgiske skulesystemet. I Noreg er grunnskulen tiårig, i Belgia er han berre seksårig. Den vidaregåande skulen i Belgia er òg seksårig, altså tre år lengre enn den norske.
I Belgia er elevane mellom 12 og 18 år når dei går på vidaregåande skule, den aldersgruppa som våre tiandeklassingar, dei som fer på klassetur til Tyskland og Polen, høyrer til.
Vidaregåande skule i Belgia er samtidig delt inn i ulike liner: latinlina, matematikklina, økonomilina og så bortetter. Ein skulle tru det var hovudsakleg elevar frå den fyrstnemnde lina som reiste på tur til Italia:
– Nei, elevar frå alle linene blir med. I påsken er det 75 elevar som blir med på vår Grand Tour. Berre 15 av dei kjem frå latinlina.
Muslimar i Roma
Så til neste punkt. Omgrepa katolikk og Grand Tour vekkjer visse assosiasjonar. Grand Tour var ei danningsreise ungdomar frå den europeiske overklassen gjorde i tidlegare hundreår. Reiseguiden som Hans de Boeck har laga til elevane sine, har mange likskapar med dei guidebøkene lærde som Goethe hadde med seg på Italia-ferdene sine.
Her er det ikkje berre utgreiingar om renessansens Italia, som den nemnde statuen til Michelangelo, men òg antikkens Italia. Elevane besøkjer mellom anna Pompeii, som vart øydelagd av Vesuv, og ikkje minst Colosseum i Roma.
– Der fortel vi om gladiatorkampane, det synest ungdomen er spanande å høyre om, vi ser òg spelefilmar om kampane før vi fer, som The Gladiator, fortel De Boeck.
Men det tyder ikkje at det er ein privilegert, kvit katolsk klasse som skal til Italia. Bydelen vi er i, Merksem, er saman med grannebydelane kjend for sosiale problem. Bydelen attmed, Borgerhout, kallar rasistar for «Borgerokko» på grunn av alle marokkanarane der. Her hadde det høgrepopulistiske partiet Vlaamse Blok i si tid flest tilhengjarar. Og Antwerpen er samtidig ein by med mange islamistar: Kring hundre muslimske menn reiste frå Antwerpen til Syria for å slåst som IS-soldatar. Det er det høgaste talet i Belgia, og det er dobbelt så mange som frå bydelen Molenbeek i Brussel, som vart kjend i heile verda etter terroråtaket i Paris november 2015. Minst tre av åtte terroristar kom frå Molenbeek.
Det er slett ingen rein kvit katolsk klasse som reiser til Italia. 45 prosent av elevane til Hans de Boeck har muslimsk bakgrunn, dei fleste frå Marokko.
– Eg opplever at entusiasmen for Italia er like stor mellom muslimar som mellom etniske flamlendarar. Ja, somtid har eg opplevd at muslimske jenter står lenger i Det sixtinske kapellet i Vatikanpalasset enn andre. Dei har jo eit sterkare tilhøve til religion enn mange kristne.
– Eg ser muslimske jenter i salen som har hijab på. Men Belgia og Frankrike har dei strengaste hijabreglane i Europa. Det er hijabforbod i skulen. Er det unnatak i kveld?
– Dei har dei på no i og med at foreldra er til stades. Men elles tek dei hijaben av i skulesamanheng, som på reisene til Italia. Eg har aldri opplevd problem knytte til det.
Danning
Omgrepet katolikk treng òg nøyare forklåring. Forbodet mot hijab er knytt til alle religiøse plagg. Elevane ved det katolske Groenendaalcollege får heller ikkje bera kristne symbol. Det har skapt stor debatt ved skulen at dei fleste krossane er fjerna.
Balansen mellom offentlege og private skular i Belgia er nemleg svært ulik situasjonen i Noreg. I Flandern, det nederlandskspråklege Belgia, er nærare 70 prosent av skulane katolske. I mange område er difor den katolske skulen det einaste valet. Men dette er skular som har nær kontakt med staten, noko forbodet mot religiøse symbol vitnar om.
– Dei katolske skulane er subsidierte av staten, og vi lærarar får løna vår frå staten. Men det er likevel ikkje tvil om at Italia-reisene er ein pedagogisk tradisjon som har opphav i den katolske bakgrunnen til skulen, om så denne bakgrunnen ikkje kjennest så sterk i dag.
Eg fortel Hans de Boeck at det i Noreg har vore debatt om skulereiser til Tyskland og Polen. Er elevane mogne til opplevinga? Eller brukar elevane dette som eit påskot for å sleppe unna undervisning og ser på det som ein rein hyggjetur?
– Sjølvsagt skal det vera hyggje på desse turane. Vi bed elvane ta med badetøy, og dei får òg lov til å gå på kafé og slike ting. Reisa er ei viktig avslutning på mange års skulegang. Men det viktigaste er likevel det pedagogiske føremålet: ei danningsreise til vogga til kulturen vår.
Frå Hans de Boeck får eg telefonnummeret til ein av reiseoperatørane for belgiske skular, Morena Vetrugno ved byrået Solmar. Ho stadfester De Boecks gissing:
– Over halvparten av dei katolske skulane legg reisene sine til Italia, eventuelt til Hellas. Når det gjeld dei andre skulane, som offentlege vidaregåande skular, er andre europeiske land og byar populære. Mange tekniske skular sender til dømes elevane sine til Berlin på grunn av teknologitradisjonane i byen. Men belgiske elevar reiser ikkje til Berlin med tanke på å oppsøkje konsentrasjonsleirar, fortel Vetrugno.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg opplever at entusiasmen for Italia er like stor mellom muslimar som mellom etniske flamlendarar.
Hans de Boeck, lærar
Fleire artiklar
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.