Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Den vanskelege kvaliteten

Den norske Forfatterforening (DnF) held fana høgt for den litterære kvaliteten,
men samtidig tek dei imot medlemer som undergrev litterære krav som originalitet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein utprega eksperimentell forfattar som Audun Mortensen er medlem av Den norske Forfatterforening, medan meir klassiskinspirerte diktarar om Henning Næss og Eirik Lodén får avslag på søknadene sine.

Foto: Wikimedia Commons

6579
20180126
6579
20180126

LITTERATUR

ronny@dagogtid.no

«Kven skal kjempe for den gode litteraturen», spør DnF-leiar Heidi Marie Kriznik i kommentaren «Hvem skal passe på skjønnlitteraturen?» i Klassekampen. «I vår tid står kunsten under press. Vi lever i et politisk klima der interessen for kunstnerisk kvalitet er lav», utdjupar ho.

Seriebokforfattarar og krimforfattarar har lenge banka på døra til Den norske Forfatterforeningen. Den døra har vore stengd, for her var det den høgverdige litteraturen som galdt.

No har dei fått nok. Dei opprettar eit eige forfattarlag: Norske Forfattere. Laget skal representere heile breidda av norske skjønnlitterære forfattarar. Dei vil bort frå «elite, maktkonsentrasjon og trynefaktor» som særmerkjer DnF, ifylgje eit utspel på Facebook av ein tilhengjarane av det nye laget, Asle Skredderberget.

I mellomtida åtvarar DnF mot utvatning av den litterære kvaliteten. Men held DnF sjølv stien sin rein når det gjeld litterær kvalitet? Ei gransking av medlemer og ikkje-medlemer røper ein annan røyndom.

Låg- og høgkultur

Før vi kikar på medlemene, høver det med eit lite historisk tilbakeblikk. Korleis definerer vi litterær kvalitet? Litterær kvalitet blir gjerne knytt til låg- og høgkultur. For femti år sidan var det eit skarpt skilje på feltet. Kven kjenner til dømes geniet attom «Fleksnes fataliteter», den kjende serien på NRK? Serien var basert på Hancock’s Half Hour av skrivekollektivet Ray Galton og Alan Simpson.

Hjå «seriøse forfattarar» i Fleksnes’ samtid var tittel og forfattarnamn derimot uskiljelege, om det var Roerne fra Itaka av Paal Brekke eller Gjest på jorden av Gunvor Hofmo.

Den litterære smaken er endra i dag. Forlagsbransjen skil ikkje mellom Jo Nesbø og Erlend Loe. I tillegg gav utdelinga av Nobels litteraturpris til Bob Dylan signal om eit endra kvalitetsomgrep.

Om DnF er ei gamal foreining, har laget på mange vis eit idéfundament som stammar frå Brekkes tid. I 1964, samtidig med at Ray Galton og Alan Simpson klekte ut Tony Hancock, vart Norsk kulturråd skipa og innkjøpsordninga vedteken. Den gongen var kvalitetsomgrepet eintydig: Ingen ville våge å sidestille underhaldningsprodusentar som Ray Galton og Alan Simpson med forfattarar som Gunvor Hofmo og Jens Bjørneboe.

Kven avgjer kvaliteten?

Kven vaktar den litterære kvaliteten og korleis blir det gjort? Vi må til øvste hald i DnF: Det litterære rådet. Det er er samansett av ni personar som er valde på årsmøtet til laget. For tida er leiaren Kristine Næss, medan Steinar Opstad er nestleiar. Så fylgjer sju medlemer.

Rådet innstiller til stipend, både DnFs stipend og stipend frå Kulturrådet, og ikkje minst: Dei avgjer kven som kan bli medlem – og dermed titulere seg med den tunge tittelen forfattar. Utan å trakke medlemene på tærne: Dette er forfattarar som høyrer til den smale litteraturen, både leiar, nestleiar og to medlemer er lyrikarar. Blant dei andre finn vi òg eit par novelleforfattarar.

Og utan å trakke forleggjarar og bokhandlarar på tærne: Lyrikarar og novelleforfattarar er ikkje alltid dei som får raud laupar ved lansering av ei ny bok, eller den beste hylleplassen i bokhandelen.

Dei representerer den smale litteraturen, og her gjeld Kafka-effekten: Ein dag blir forfattaren oppdaga, og då vil brått alle lesa bøkene, og det blir ventelister på dei tidlegare bøkene hans eller hennar. Vel, det er i alle fall slik i ynskedraumen til mang ein bortgøymd diktar. Difor skal bøkene vera tilgjengelege i norske biblioteket, takk vere eit raust statleg støtteapparat.

Originalitet

Rådet retter seg etter visse prinsipp i dette arbeidet. For å bli medlem av DnF må ein stette kravet om å ha gjeve ut minst to skjønnlitterære bøker for vaksne. Men ei av dei må ha skjønnlitterær verdi. Det siste kan ikkje avgjerast ved faste kriterium, men heller ikkje på reint tilfeldig skjønn. På nettstaden til DnF er det ein intern rettleiar om kvalitetsvurdering som rådet skal fylgje. Han inneheld visse retningsliner som «språk», «det håndverkmessige», «nødvendighet», «troverdighet» og «originalitet». Under dei to sistnemnde står det høvesvis: «Tror man på den litterære stemmen (...) og (...) finnes det noe særegent i verket? Har forfatteren en selvstendig stemme?»

Usjølvstendig stemme

Så langt, så greitt. Rettleiaren inneheld klassiske krav til litterær kvalitet. «Kvalitet» er vorte eit fyord i debatten kring DnF og Norske Forfattere, seier Heidi Marie Kriznik.

Men kikar vi på medlemsmassen i DnF, finn vi forfattarar som står for det motsette. Ein ung medlem heiter Audun Mortensen. Han har mellom anna skrive Roman (2010) og Samleren (2015). Den fyrstnemnde ein versjon av Nabokovs klassikar, Lolita, skriven baklengs. Den andre er ein kopi av romanen The Burnt Orange Heresy av Charles Willeford, Mortensen har gjort små endringar, til dømes er handlinga lagd til Oslo, men elles handlar det om direkte omsetjing.

Etterkomarane til Willeford oppdaga dette og lika det ille. Dei truga med rettssak. No er inntektene frå boksalet overført til dei, og restopplaget er makulert. Kulturrådet ville ha ei utgreiing frå forlaget om bokprosjektet. Konklusjonen deira er at innkjøpet av Samleren likevel står ved lag. Kulturrådet ser på dette som original norsk skjønnlitteratur.

Ikkje-forfattarar

«Jeg setter spørsmålstegn ved opphavsrettens regulering av originalitet, kreativitet og skapende innsats. Dagens krav til originalitet hemmer kreativiteten», seier Mortensen i eit intervju med Aftenposten om prosessen.

Sjølvsagt bør det vera plass til slike eksperiment i norsk litteratur. Den nemnde rettleiaren i DnF tek òg høgd for kunstnarar som Mortensen. «Dessuten kan det å utfordre etablerte kvalitetsoppfatninger være litterært interessant i seg selv», heiter det i rettleiaren.

Dag og Tid har ikkje som mål med denne artikkelen å setja ulike litterære prosjekt opp mot einannan. Vi vil vise ein skeivskap, for DnF har gjeve avslag på søknader frå forfattarar som nettopp har gjort «handverk», «litterær stemme» og «originalitet» til hovudfundament for diktarverksemda si. Kvifor glid ein kunstnar som Mortensen rett inn i forfattarforeininga – ein mann som i tillegg avviser omgrepet forfattar – medan diktarar som har eit meir høgtidleg tilhøve til omgrepet kvalitet enn andre, opplever avslag? Ved sida av fylgjer intervju med tre slike forfattarar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den litterære smaken er endra i dag. Forlagsbransjen skil ikkje mellom Jo Nesbø og Erlend Loe.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis