Foto: Sevald Eilertsen / Harstad Tidende
Vorta mi
Farvel mi gamle vorte
på høgre tommefing.
Du plaga meg og verkte
for ingen verdens ting.
Eg skar deg bort med tollekniv
og kvasse barberblad.
Eg krossa deg og tvia
og trollbøner bad.
Av blodet ditt eg gnidde
i hold på hesterygg
og monseøyra klipte
til han vart arg og ygg.
Men katteblod og fleskesvor
og bedeknutar ni.
Det same var i år som i fjor
du vaks frå tid til tid.
Og ingen kan meg segja
Korleis eg vorta fekk.
Og ingen kan fortelja
kva veg den vorta gjekk.
Utan at eg visste det
var vorta komen bort.
Så takk og liv og æra
der vart eit storverk gjort.
Edvard Ruud
Dikt frå Elgsnes, Snøfugl forlag 2000
Vorta mi
Farvel mi gamle vorte
på høgre tommefing.
Du plaga meg og verkte
for ingen verdens ting.
Eg skar deg bort med tollekniv
og kvasse barberblad.
Eg krossa deg og tvia
og trollbøner bad.
Av blodet ditt eg gnidde
i hold på hesterygg
og monseøyra klipte
til han vart arg og ygg.
Men katteblod og fleskesvor
og bedeknutar ni.
Det same var i år som i fjor
du vaks frå tid til tid.
Og ingen kan meg segja
Korleis eg vorta fekk.
Og ingen kan fortelja
kva veg den vorta gjekk.
Utan at eg visste det
var vorta komen bort.
Så takk og liv og æra
der vart eit storverk gjort.
Edvard Ruud
Dikt frå Elgsnes, Snøfugl forlag 2000
Har høvesdiktet overlevd lenger i Nord-Noreg enn i andre landsdelar? Vanskeleg å seia, men eg minnest ferjereiser i barndomen på Helgeland. I salongen hang det prologar til innsetjinga av nyferja, skrivne av lokale diktarar.
Ein av dei store diktarane i Nord-Noreg, harstadværingen Edvard Ruud (1907–2001), skreiv høvesdikt. Eg veit ikkje om han skreiv vers til ferjer, men ein stor del av dei om lag 600 dikta han forfatta, er prologar og hyllestdikt, mange tileigna personar. Dessverre er berre ein liten del gjeven ut. Det som finst i bøker, vitnar om ein varm, gjestfri diktar: «Du er ein mann som femner vidt/ og øygnar meir enn berre ditt», heiter det i «Hans Peter Meland – Lovunden». Meland har gjennom lakseoppdrettfirmaet sitt gjort Lovund til eit livskraftig samfunn. I «Karl Erik Harr» heiter det: «Ditt hjartegull du formar ut/ med pensel og palett». Høvesdikt med direkte tiltale er i grunnen ei neglisjert form i lyrikken. Sjangeren er unik, for han er kommunikativ, personleg og kjærleiksfull – eigenskapar som gjev liv og varme til lyrikken.
Men ein god poet skal òg evne å ha eit skeivt blikk på diktargjerninga si. «Vorta» står på prent i Dikt frå Elgsnes (2000). Du skvett nærast når du finn verset midt mellom alle høgtidskvæda. Det handlar om ei plagsam vorte som diktaren ville bli kvitt, fyrst ved hjelp av «tollekniv» og «barberblad», så ved «trollbøner». «Monseøyre», som Ruud nemner, tyder øyra på hannkatten. Det er neppe tale om kjerringråd Ruud sjølv fann på. Ruud var ein av dei største samlarane av folkeminne i landsdelen; han er kjend for framføringa av folkeviser på NRK. Men hjelpte trollbønene? «Og ingen kan meg segja/ korleis eg vorta fekk./ Og ingen kan fortelja/ kva veg den vorta gjekk», er svaret.
Sist vil eg nemne at Edvard Ruud enno er ein kjær diktar i Nord-Noreg. I fjor lanserte gruppa Fotefar og felespelaren Julie Alapnes plata Flygande kråka får alltid nåkka. Temaet for albumet er folkeminnesamlaren Ruud.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.