JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ei populær spelekvinne

Sigrid Moldestad tar med seg heimstaden inn i musikken, men også verdsproblem får plass på den nye plata.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sigrid Moldestad meiner at spelekvinnene frå Nordfjord og Sunnmøre var noko for seg sjølv.

Foto: Elise Løvereide

6400
20171020
6400
20171020

Folkemusikk

elovereide@gmail.com

Folkemusikaren legg i desse dagar ut på noregsturné med den nye plata Vere her. Den dagen eg møter henne, har ho spelt konsert i Bergen kvelden før. I 17 år har ho budd i byen, men heimkommunen Gloppen i Nordfjord er likevel ein stor del av musikken.

– Gloppen er på ein måte den musikalske ballasten min. Det er eit kulturelt miljø heime som eg ofte søkjer meg til. Eg fordjupar meg i tradisjonane heime, og det er mellom anna der eg har læremeisteren min, John Oddvar Kandal, fortel Moldestad.

Gloppen har lenge hatt eit godt kulturelt miljø. I september vart kommunen kåra til Noregs beste musikkommune 2017. I denne regionen har det historisk sett vore uvanleg mange kvinner som spelte fele. Moldestad har sjølv gått inn i historia og leita dei fram til prosjekta Taus (2010) og Samuline – frå fela flyg din song (2017). Særleg interesserte ho seg for Samuline frå Hornindal, ein felespelar som døydde 68 år gamal i 1872.

– Ho må ha vore veldig god. I tillegg hadde ho ni barn, men fleire av dei døydde. For meg er ho nærmast ein mytisk figur. Spelekvinnene frå Nordfjord og Sunnmøre var noko heilt spesielt. Ein høyrer ikkje så ofte om kvinner med fele på denne tida i andre område.

– Tap for variasjonen

Moldestad vart fødd Breim, knappe to timar frå Hornindal. Som sjuåring byrja ho å spele piano, men var ikkje så interessert i å lære notar. I staden fekk ho ei fele av bestefaren sin, som også spelte fele.

– Eg tok det lett og fekk ei meistringskjensle. Fela er eit musikalsk instrument. I folkemusikk kan ho nyttast til dans, festivalar og gravferd. Folkemusikken tar med seg det beste frå fortida inn i si eiga tid. Men somme ser nok på det som ein tung og stram sjanger, seier ho.

Folkemusikk har ein lang tradisjon i Noreg. Men sjangeren har likevel ikkje den same statusen som tango har i Argentina eller drikkevisene har i Irland. Vi er ikkje like stolte over folkemusikktradisjonen i Noreg, seier musikaren.

– Vi gjer oss fattige i møte med framandkulturelle menneske som kjem til oss. Det er trist at folk ikkje har eit eigarforhold til tradisjonen. Kanskje har miljøet gjort seg sjølv ei bjørneteneste ved å vere utilgjengeleg. Men folkemusikk blir knapt spelt på radio, og det er eit tap for variasjonen at alt som kjem på radio, er formatert inn i ein liten, trong boks.

Meir musikalske uttrykk

Sigrid Moldestad er særleg kjend for låtane «Brevet til kjærleiken», «Sandkorn» og «Himlen har sove bort mørkret». Vere her er det femte albumet hennar, og ho har skrive både tekstar og melodiar sjølv. Dette albumet skildrar ho som det mest popkulturelle. Vere her er ei god blanding av vise- og folkemusikk, poprock og litt hardare kraft enn tidlegare.

– Det er litt annleis enn det eg har gjort før. Songane har impulsar frå andre sjangrar og musikalske uttrykk. Eg ønskte å utfordre meg sjølv.

– Korleis kjem du på tekstane?

– Av og til kjem tekstane rekande på ei fjøl, andre gongar sit eg med skisser og jobbar med idear. Eg har mange sånne bøker som du har der, seier ho og peikar på notatboka mi.

Fekk Spellemannsprisen

Moldestad har alltid drive med musikk. Medan den tidlegare musikkpartnaren i duoen Spindel har jobb ved sida av, har Moldestad lenge vore fulltidsmusikar. Etter Spindel spelte ho i trioen Gamaltnymalt. Ho vart soloartist då ho gjekk svanger med ideen om norske spelekvinner i 2007.

– Eg jobba mykje med materialet om spelekvinnene gjennom 150 år. Eg skreiv om dei så tidleg som i 9. klasse i ei særoppgåve. Då eg var ung, var det ikkje mange felekvinner i bygda. Folk hadde ei førestelling om at felespelarar var menn, i alle fall før i tida.

Arbeidet med spelekvinnene gjorde at ho i 2007 fekk Spellemannsprisen for albumet Taus, det første soloalbumet. På Førdefestivalen i sommar hadde ho nypremiere på Samuline – frå fela flyg din song, og med det markerte ho ti år som soloartist. Framsyninga skal setjast opp att i 2018 på fleire andre scener.

Pessimistisk

Musikaren skildrar songtekstane som konkrete. Det å skrive er ganske nake og utleverande, meiner ho. Men Moldestad har mykje på hjartet.

– Eg vil vere til trøyst, skildre kjensler som folk kjenner seg att i, men også reflektere over verda og dei nære tinga. Eg vil gjerne meine noko og har utvida horisonten litt denne gongen.

På låten «Eg vil vere her» uttrykkjer Moldestad litt vemod og pessimisme for framtida.

– Songen er først og fremst skriven til borna mine. Ein vil jo følgje dei og sjå kva som skjer, beskytte dei, ta vare på dei. Eg kjenner på ei uro for framtida deira. Samstundes stolar eg på ungdommen. Vi må ha trua på det gode i folk, men eg vedgår at eg blir skremd av det som skjer i verda no. Avstanden mellom USA og Nord-Korea har aldri vore mindre.

Krisepakkar

Moldestad meiner at det er mykje positivt med globaliseringa, men at ho også fører med seg konfliktar.

– Det er ikkje alle som taklar det. Vi surrar mykje rundt, og færre tar ansvar. Vi må hegne om demokratiet vårt og engasjere oss meir. Men verda har jo hatt kriser tidlegare, og alt var definitivt ikkje betre før. Likevel kan eg forstå dei som har krisepakkar og dommedagsbunkarar heime. Kor skal eg dra med barna mine om det blir atomkrig? Ein blir eit lite barn i møte med alt, seier ho.

Ubehageleg kunst

Då Moldestad voks opp, var det ei litt anna tilnærming til atomtrusselen. Då var det «We are the World» og demonstrasjonar mot atomvåpen.

– No står vi liksom berre og ser på. Andre skal ordne det. Det same gjeld i lokalpolitikken. Folk engasjerer seg ikkje like mykje om dei opplever at dei ikkje har ansvar for eige nærmiljø. I ei lita bygd vil ein ha kjensla av å kunne påverke, ikkje berre at andre skal ta avgjerdene ein annan stad.

– Kva kan kunsten bidra med?

– Vi kunstnarar kan bruke scena til nye tankar, til lys, varme og kjærleik. Det høyrer flåsete ut, men det er viktig og fint at folk har ei kjensleladd oppleving på ein konsert, anten målet er å skake eller å skape refleksjon innover i møtet med kunsten. Som for eksempel å bli konfrontert med eigne fordommar. Skal vi forstå vår eiga samtid, treng vi kunstnarar som vågar å peike på noko ubehageleg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Folkemusikk blir knapt spelt på radio, og det er eit tap for variasjonen at alt som kjem på radio, er formatert.

Sigrid Moldestad, musikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis