Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ein norsk tradisjon

Norske skular sender elevane sine hovudsakleg til konsentrasjonsleirar frå den andre verdskrigen. Men tradisjonen vekkjer reaksjonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Czarek Sokolowski / AP

Foto: Czarek Sokolowski / AP

2788
20180302
2788
20180302

Kvar går skulereisene i andre europeiske land? For Noregs del er det ikkje tvil. Elevar frå skular i heile landet reiser til Polen og Tyskland for å lære om den andre verdskrigen og Holocaust. Organisasjonen Hvite Busser styrer med slike reiser. Han vart skipa i 1992. Sidan har 160.000 deltakarar reist til konsentrasjonsleirar.

Kulturelle opplevingar står òg på programmet, som besøk til byane Krakow, Berlin og Warszawa. Men hovudsaka er menneskerettar, menneskeverd og demokrati, står det på nettstaden. Difor er besøk til leirar som Auschwitz og Sachsenhausen viktige.

«Senil bestemor»

Skulereiser til Auschwitz vekkjer debatt. I siste nummer av Morgenbladet seier den jødiske filmskaparen Udi Nir at klasseturen tener staten Israels nasjonalistiske politikk. Israel er òg eit land der Auschwitz er eit viktige reisemål for skulane. I 2015, ved syttiårsfeiringa for frigjeringa av Auschwitz, sa den tyskjødiske forfattaren Henryk M. Broder at det var på tide å gløyme Auschwitz. Han meinte det retorisk, for det blir «som ei stadig meir senil og tevjande bestemors fødselsdagsfeiring». Sjølv i Polen er det stor debatt: Polens senat vedtok no i februar at Auschwitz ikkje får kallast ein polsk leir. Det vekkjer harme i Israel, fordi mange polakkar var medskuldige i holocaust.

Somme norske lærarar har òg kommentert reisene: Dei meiner ungdomen ikkje er mogen nok for opplevingane, at dei ikkje er førebudde, eller at dei ser på turane som reine feriereiser.

Noreg i særklasse

Men attende til spørsmålet: Er Noreg i særklasse når det gjeld skuleturar til Auschwitz?

– Vi har ikkje statistikk på det, men når det gjeld våre næraste grannar, Sverige og Danmark, har dei i alle fall ikkje same tradisjonen. Men det finst unnatak. Ein og annan svensk og finsk skule har bestilt reiser gjennom oss, fortel Anja Østegården, marknadsansvarleg ved Hvite Busser.

– Heller ikkje alle norske skular gjennomfører reiser med Hvite Busser. Men vi arbeider for at tilboda våre skal bli ein integrert del av den norske skulen. Reisene våre er alt i tråd med læreplanen, fortel Østegården.

­– I Belgia blir ikkje menneskerettar, men kulturell danning bruka som argument for skulereiser til andre land, då særleg Italia. Ville det vore noko for norske skular?

– Det kan eg ikkje svara på, for fokuset vårt ligg på ideane kring Hvite Busser. Vi arrangerer òg reiser til andre europeiske byar, som Strasbourg og Brussel. Men då er det i samsvar med verdiorda våre, menneskeverd og toleranse.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi arbeider for at Hvite Busser skal bli ein integrert del av den norske skulen. Reisene våre er alt i tråd med læreplanen.

Anja Østegården, Hvite Busser

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis