Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Inger Marie Grini

Foto: Inger Marie Grini

2781
20171117

EN KNAGG HAR NAVNET DITT

En knagg ved døra her på badet

har navnet ditt

knaggen din barndom

hang og slang på

en knagg i meg som metafor for deg

å henge minner på

min en gang innadvendte

magre lille sønn

hvor hadde du forsiktigheten fra

om ikke fra meg?

når snudde det?

da du tok mandlene og la på deg

åt og åt og satte blikket

rett i alle og nesa på en sky?

eller da du fikk en bror å være stor for

du som knapt

fikk tørket av deg valpefettet

før du gikk ut av tiden

men knaggen her har navnet ditt

håndkleknaggen etter deg

her alt henger på knagger

som spørsmål etter deg.

Torgeir Rebolledo Pedersen

Frå Åstedsblomster (2015)

Karl Ove Knausgård skreiv om familien i Min kamp, Vigdis Hjort i Arv og miljø. Somme diktarar har skrive røyndomslitteratur heile livet, men då i eit poetisk språk. Ein av dei er Torgeir Rebolledo Pedersen.

Det byrja alt i debutboka. «Mitt stamtre/ har en skrivegren/ der satt min morfar Efrén/ født fattig/ i Mexico, diktet seg ut av fattigdommen», heiter det i «Papyrus», diktet som opnar Tidr (1983). Morfaren, poeten Efrén Rebolledo, halvt indianar, halvt spanjol, stig òg fram i Geitehjerte (2006). Der heiter det i «Morfars trokeer»: «Man sier store poeter dør med jambene på. Morfar rakk ikke å skifte».

Far til Pedersen dukkar opp i andre bøker: Arkitekt Pedersen senior, som teikna sjuke- og pleieheimar. «På kontoret sitter han / tegner og beregner / ifølge / Gerhardsen og Gud» (Min fars tegnemaskin, 2008).

Torgeir Pedersen utdanna seg òg til arkitekt, etter fars ynske, men vende den grå, bereknande kvardagen ryggen; han vart Torgeir Rebolledo Pedersen. Det var som om det indiansk-spanjolske braut fram i han. Så har ein fargerik, fabulerande stil, der død og alvor lurer mellom verslinene, gjort seg gjeldande gjennom heile forfattarskapen.

Det er ikkje minst synleg i samlinga dette diktet er henta frå, Åstedsblomster (2015), som utan tvil er ei av dei beste norske diktsamlingane i dette tiåret. Det blømer fargerikt i boka, av smørblome og marianøkleband, men òg av «åstedsblomster». Ein tredje familiemedlem kjem til orde: ein son av diktaren som gjekk bort altfor tidleg.

Ein nådelaus ærlegdom skin igjennom. Ein knagg med namnet til sonen på baderomet vekkjer saknad, saman med refleksjon over eit raskt skifte i personlegdomen og den bråe bortgangen hans. Den i grunnen uviktige knaggen som bar noko smått – handkleet til ein mager, innettervend gut – blir ein knagg av titaniske krefter: Han ber uuthaldelege, eksistensielle spørsmål det ikkje finst svar på.

I debatten om røyndomslitteraturen handlar det om skiljet mellom røyndom og litteratur. «Ta meg på ordet», seier røyndomsforfattaren. Pedersen er på eit høgare, poetisk nivå. «Ta meg på metaforet», seier han (i «Prioritet i pantet» i Geitehjerte).

RONNY SPAANS

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis