Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Bjørn Wad / Tiden

Foto: Bjørn Wad / Tiden

2293
20171006

Så kan jeg si du er en vinternatt?

En riktig frostbitt, svart og klar og kald?

Og du er også blek. Du virker dratt.

Dra ikke fra meg. (Klart jeg ikke skal.)

Jeg elsker deg. Jeg elsker deg. Og du?

Hold rundt meg. Stormen kommer. Bli på post.

Vi holder ut, de sovner etter sju

og tusen visninger av Filmen Frost.

Fins kjærlighet når man er trist og stygg?

Fins kjærlighet? Jeg sover som på glass

men krøller meg her inne ved din rygg

til barna våkner. Da tar de min plass.

Vi drøfter ikke skilsmisse hver kveld

men det er jævla hardt allikevel.

Kristin Storrusten

Frå Barsel, 2017

Kristin Storrusten er tobarnsmor. Ho opplever det som er skrekken for mange småbarnsforeldre: barn med kolikk, netter med skriking, vòke, vogging, amming, bleieskift og ikkje minst irritasjon og kolerisk sinne, som fylgje av skort på svevn.

Då er det gjerne stakkaren du er saman med, kjærasten, som blir emosjonell skyteskive. Det er fyrst når ein får barn, at elastisiteten på hymens lekkjer blir testa ut.

Storrusten fortel til lokalavisa, Budstikka, at ho i desperasjon søkte trøyst i ulike kvinneforum på nettet, men reagerte på etterpåklokskapen som rådde der. Ho skrudde av, men sat att med eit uttrykksbehov. Løysinga vart diktskriving. Utfallet av det er diktsamlinga Barsel som i år kom ut på Tiden forlag.

Småbarnfamiliens frustrasjonsvers? Slår det an som poesi? Ja, sanneleg. Samlinga vart utseld på ei vekes tid. Det er ikkje kvardagskost i norsk lyrikk. Men så er det ei morosam, leikande og overskotsprega bok Storrusten har skrive. Det ludiske er ikkje minst synleg i dette diktet. Førelegget for det er Shakespeares vidgjetne Sonnet 18, «Shall I compare thee to a summer’s day»?

Og sjølvsagt snur Storrusten på alle resonnementa til Shakespeare; her er det for det fyrste ikkje den mannlege belaren, men kvinna som har ordet. Og ho er ikkje ei opphøgd nyplatonsk madonna, men ei gretten, irritabel mor, utan ei amme å ty til når amors boge er spent.

Parodiar på den petrarkiske kjærleiksdiktinga er litteraturhistoria rik på. Men så vidt eg veit, har det ikkje vorte gjort i relasjon til kolikk, skriking og babygråt. Blir denne poesien for enkel? Ei høvesdikting for småbarnsforeldre? Eg minner lesaren på Goethes ord: «Høvesdikting er den fyrste og mest ekte av alle diktslag.»

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis