Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Helge Skodvin

Foto: Helge Skodvin

2702
20180119

NOEN AV 18. OKTOBER-
MALERIENE

Gerhard Richter, 18. oktober, 1977, 1988. Olje på lerret, 15 malerier

I

En menneskekø snodde seg ti ganger rundt

Neue Nationalgalerie

da bildene kom til Berlin.

Gerhard Richters Baader-Meinhof-malerier,

femten i tallet, basert på fotografier, i hellig

henging hang hengt.

Det så ut som om køen ville løfte huset.

Jeg ville se Gudrun.

Å være nær og rammes inn, å være nær og rammes.

Først Jugendbildnis, et maleri av et barn, bare et barn,

i hvert fall en svært ung Ulrike Meinhof.

Hun kunne vært meg, da jeg hadde

grønn ruskinnskåpe.

Mirakelkommisjonen arbeider.

Noen prøver å trykke leppene mot bildet.

Cecilie Løveid

Frå Vandreutstillinger, 2017

Om du vil lesa ei diktsamling frå i fjor, peikar Vandreutstillinger av Cecilie Løveid seg ut. Boka vann Brageprisen. Boka full er av lærde tilvisingar, men dei er ikkje meir lærde enn at dei høyrer til allmennkunnskapane vår. Stussar du på namn som Duchamp eller Celan, er allmenndanninga berre eit par tastetrykk unna på verdsveven.

«Vandreutstilling» tyder ei utstilling som museum leiger ut til kvarandre. Løveids dikt er ei poetisk vandreutstilling, basert på verk frå sivilisasjonen vår, frå målarstykke til tatoveringar. Alt er med, det høge og det låge, patos og satire. Vandredikta formar eit brutalt tverrsnitt av kulturen vår. Løveid fører det ironiske blikket til Erasmus av Rotterdam vidare: «Alle husker hvor vakkert det ihjelfrosne barnet var», heiter det ein stad. Dette er sjølvsagt ingen lovtale, men ironisk lovtale.

Frå romaren Horats kjenner vi uttrykket ut pictura poesis, «som bilete, så poesien». Grekaren Plutark fylgde opp med «eit målarstykke er eit stumt dikt, medan eit dikt er eit talande bilete». Mottoa peikar på sjangeren ekfrasen, som tyder «dikt som skildrar eit kunstverk». Kontakten mellom målarkunst og poesi går langt attende i tid. Apollo og Apelles i sameining, heitte det i renessansen.

Løveids bok inneheld ekfrasar. Nokre av dei er vigde ein serie målarstykke som vekte åtgaum på slutten av 1980-åra, «18. oktober 1977» av kunstnaren Gerhard Richter. Bileta var baserte på fotografi av Baader-Meinhof-gruppa (RAF), som vart funne døde i Stammheim-fengslet i Tyskland.

Diktet ved sida av handlar om medlemene Gudrun Enslinn og Ulrike Meinhof. Målarstykka finn du på internett. Du kan kike på dei, men bileta blir fyrst talande når du les dikta. Løveid fangar godt den kontrastfylte situasjonen ved utstillinga: menneskeleg nyfikne – «en menneske kø snodde seg ti ganger» – politisk fundamentalisme og heltedyrking – «trykke lepper mot bildet», som om det var eit ikon. Men så er det tale om målarstykke av aktivistar som har hengt seg: «i hellig henging hang hengt».

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis