Voss og Granvin kommune slår seg i hop. Men dei blir ikkje kommune, dei blir herad.
Vangskyrkja er like gamal som ordet herad.
Foto: Bjarte Sørensen / Wikipedia
Kommunenamn
ronny@dagogtid.no
Norske kommunar slår seg saman, den eine etter den andre, somme ufriviljug, andre friviljug. To kommunar som har funne kvarandre, er Voss og Granvin i Hordaland. Den 1. januar 2020 blir sameininga eit faktum.
På eit felles kommunestyremøte i august vart ei samrøystes innstilling lagd på bordet. Punkt éin i innstillinga gjeld namnet på den nye kommunen: Voss herad. Kring bordet var det stor semje om namnet, ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum, tykte namnet har ein god klang, og streka under at framlegget ikkje kom frå Granvin, som jo heitte herad frå før.
Kvifor herad? Det læt umiskjenneleg nynorsk, men ein dansk variant av ordet har òg vore nytta i Noreg, av bokmålskommunar. Tidlegare var heradskommune – bokmål herredskommune – nemninga på ein landskommune, til skilnad frå ein bykommune.
Det norrøne herad er er ei samansetjing basert på «hær», altså «væpna folk», og hadde ulike tydingar, mellom anna «bygd». Føraren av ein herad var kalla «herse». Kanskje nytt namn på ordføraren i Voss herad?
Neppe, men vonleg vil fleire fylgje Voss og Granvins døme. Det finst alt kommunar som har valt å halde på herad i reaksjon mot det eingong så nymotens latinske communis: Kvam, Ullensvang og Ulvik herad.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Kommunenamn
ronny@dagogtid.no
Norske kommunar slår seg saman, den eine etter den andre, somme ufriviljug, andre friviljug. To kommunar som har funne kvarandre, er Voss og Granvin i Hordaland. Den 1. januar 2020 blir sameininga eit faktum.
På eit felles kommunestyremøte i august vart ei samrøystes innstilling lagd på bordet. Punkt éin i innstillinga gjeld namnet på den nye kommunen: Voss herad. Kring bordet var det stor semje om namnet, ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum, tykte namnet har ein god klang, og streka under at framlegget ikkje kom frå Granvin, som jo heitte herad frå før.
Kvifor herad? Det læt umiskjenneleg nynorsk, men ein dansk variant av ordet har òg vore nytta i Noreg, av bokmålskommunar. Tidlegare var heradskommune – bokmål herredskommune – nemninga på ein landskommune, til skilnad frå ein bykommune.
Det norrøne herad er er ei samansetjing basert på «hær», altså «væpna folk», og hadde ulike tydingar, mellom anna «bygd». Føraren av ein herad var kalla «herse». Kanskje nytt namn på ordføraren i Voss herad?
Neppe, men vonleg vil fleire fylgje Voss og Granvins døme. Det finst alt kommunar som har valt å halde på herad i reaksjon mot det eingong så nymotens latinske communis: Kvam, Ullensvang og Ulvik herad.
Fleire artiklar
Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.
Foto: Overvakingspolitiet / NTB
UD-dokument finst i israelske arkiv
Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.