Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Grav på Spitsbergen.

Grav på Spitsbergen.

Foto: Siri Wolland, Riksantikvaren

Grav på Spitsbergen.

Grav på Spitsbergen.

Foto: Siri Wolland, Riksantikvaren

2751
20171110
2751
20171110

Hollandske knoklar

Tida går frå arkeologar på Svalbard. Klimaet blir mildare. Det fører til at gamle sjømenn som har sove i klaka jord i tre–fire hundreår, no byrjar rotne bort. Det gjeld kvalfangarar som vart gravlagde på øygruppa på 1600-talet og 1700-talet, den gongen hollendarar såg økonomisk vinst i kvalolje og oppretta ein koloni på det nyoppdaga landet som dei kalla Spitsbergen, «dei spisse fjella» – lite visste dei at nordbuar alt hadde kalla isøydet for Svalbard. Det har difor vore gjennomført fleire arkeologiske utgravingar av kvalfangargravene.

Funna blir konserverte og oppbevarte på Svalbard museum. I 80-åra var tekstil og leivningar i gravene oppsiktsvekkjande godt bevarte. I dag ser vi dessverre at nedbrytingsprosessen har kome lenger. Berre beina ligg att, saman med små fragment av tekstil. Denne veka opna utstillinga Med døden til følge, som viser funn frå kvalfangargravene, på Svalbard.

Noregs eldste heim

Nelly og Erling Strømmen bur på ein stad ingen kunne tru at nokon kunne bu. Dei bur i Noregs eldste heim, eit våningshus på garden Kravik Mellom i Numedalen i Buskerud. Bygningen er meir enn 700 år gamal. Huset vart reist i 1296. Ætta har i tillegg sete på garden svært lenge, i alle fall sidan 1500-talet. Det melder Riksantikvaren på nettsidene sine. Huset er nemleg nyrestaurert med midlar frå den nemnde institusjonen. I dag ber bygningen vitnemål om endringar frå vidt ulike tidsbolkar. Huset er påbygd i høgda og har fått ny rominndeling, men bygningselement frå mellomalderen er godt synlege. Høgdepunktet er ein drusteleg portal i romansk stil med menneskefigurar og plante- og dyreornamentikk. Han kjem fram når du opnar ein lem på den eine gavlveggen.

«Jeg synes det er litt moro, jeg», seier Erling til Riksantikvaren når dei spør korleis det er å bu i Noregs eldste hus.

Van Gogh og grashoppa

Vincent van Gogh kjenner alle. Han er kjend for dei mange sjølvportretta sine og koloristiske målarstykke med solsikker. Oliventre høyrde òg til repertoaret hans. Det finst 18 bevarte målarstykke av oliventre av meisteren, dei er alle laga i nærleiken av Saint-Rémy-de-Provence i året 1889. Det komiske er at eitt av desse bileta inneheld ei ekte grashoppe. Det har kuratorar ved Nelson-Atkins Museum of Art i Kansas nettopp oppdaga. Målarstykket det gjeld, heiter kort og godt «Landskap med oliventre». Mange tusen menneske har glana på biletet sidan det vart måla for 128 år sidan. Men grashoppa vart fyrst no oppdaga, då ein kurator granska det nøye med aukeglas. Museet tilkalla ein entomolog – ein insektekspert – som fann ut at det ikkje var spor etter «livskamp» på lerretet, dyret kom dit truleg takk vere eit vindkast. Vincent van Gogh kan altså ikkje skuldast for grashoppedrap.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis