Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Ikkje meir und ervisning i hebraisk

Hebraisk blir lagt ned som språkfag ved Universitetet i Oslo. – Vedtaket botnar i ei større krise ved norske universitet, seier Jens Braarvig, professor i religionshistorie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Moderne hebraisk forsvinn frå Universitetet i Oslo.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

7609
20180105
7609
20180105

Universitetsfag

ronny@dagogtid.no

Universitetet i Oslo (UiO) har vedteke at hebraisk ikkje lenger skal vera eit tilbod ved institusjonen. Difor legg Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) frå hausten ned undervisninga i språkfaget. Det er moderne hebraisk det gjeld, ikkje bibelhebraisk, som ein framleis kan studere ved Det teologiske fakultetet.

IKOS seier faget blir lagt ned på grunn av ressurssituasjonen. Dei siste åra er det avlagt få bachelor- og mastergradar i faget, og sidan finansieringa av universitet er basert på studenttal, fører det til lite pengar i kassen. Samtidig seier dei at hebraisk er eit av dei språka som i «minst grad henger sammen med de øvrige språkbaserte områdestudiene».

Av Noregs åtte universitet er UiO den einaste lærestaden som har tilbode undervisning i moderne hebraisk.

Vedtaket var vekt reaksjonar. Det har vore innlegg i aviser, og studentar har oppretta ei Facebook-side til fordel for hebraisk. Somme hebraiskstudentar seier at nedprioriteringa av Israel og jødedom botnar i politiske omsyn. I denne samanhengen har det vorte vist til framlegg frå universitetsstyret om akademisk boikott av Israel.

Det har òg kome protestar frå politiske parti, ikkje overraskande frå KrF. På spørsmål frå KrF-representanten Hans Fredrik Grøvan om framtida til hebraisk i Stortinget i november, svara kunnskapsminister Henrik Asheim at Kunnskapsdepartementet ikkje kan gripe inn i fagtilboda til høgskular og universitet. Dei har «stor grad av selvstendighet når det gjelder hvilke fag de vil tilby», heiter det i eit referat frå Dagen.

– Bibelhebraisk ikkje nok

Ein av studentane som ynskjer at hebraisk skal bestå, er Maryam Trine Skogen. Ho studerer teologi og meiner bibelhebraisk ikkje er nok. Innføring i moderne hebraisk er særleg viktig når Midtausten-studium er eit satsingsområde ved Universitetet i Oslo.

– Det er ein grov amputasjon så lenge det er stor interesse for Midtausten i samfunnet. For å forstå Israel i dag, politisk og sosialt, må ein ty til moderne hebraisk.

– Men israelarar talar godt engelsk, treng vi då ikkje hebraisk?

– Då kjem ein ikkje langt. Den offentlege samtalen, politiske dokument, alt er på hebraisk. I akademisk samanheng gjeld primærkjelder, og dei er på hebraisk.

Maryam Trine Skogen er sjølv muslim, og som teologistudent fordjupar ho seg i jødedomen. Skogen har òg fått med seg framlegg til boikott av Israel, men personleg meiner ho det ikkje er ein god idé:

– Det er heilt meiningslaust med akademisk boikott av Israel på generelt grunnlag, ein boikott kan berre fungere når det er direkte knytt til ei sak som kan stogge undertrykking av det palestinske folket. Er det noko ein er usamd i, må ein heller setja seg godt inn i saka og gå i dialog.

Skogen vil ikkje spekulere i grunnar, politiske eller ei, til at språket blir lagt ned. For ho er det viktig at faget blir teke vare på, slik at det blir balanse i framstillinga av den politiske situasjonen i Midtausten:

– Korleis kan Noregs største universitet halde oppe ei fagleg tyngd ved å vengeklippe éin partane i konflikten?

Stolt tradisjon broten

Ifylgje IKOS er ikkje politiske årsaker, men den økonomiske situasjonen, grunnen til at hebraisk får kroken på døra. Professor i religionshistorie ved UiO, Jens Braarvig, vil peike på ei tredje forklåring: faglege prioriteringar ved Universitetet.

– Nedlegginga av hebraisk går attende til ei større krise, som handlar om nedlegging av andre språkfag ved UiO, seier Braarvig.

Braarvig fortel at det er ein lang, ærerik tradisjon ved UiO som no døyr: den store satsinga på austerlandske språk som tok til med pioneren C.A. Holmboe på 1800-talet, ein pioner som plasserte norsk forsking på orientalisme på verdskartet.

– Takk vere initiativet hans vart orientalske språk ei hovudsatsing ved UiO. Og i denne tradisjonen stod ei filologisk tilnærming til andre kulturar i sentrum. Denne tilnærminga gav oss ein unik tilgang til historisk materiale og empiri knytte til andre språk. Ein slik tilgang til originaltekstane gjer ein forskar utrusta i møtet med statar og regime som prøver å manipulere historia til landet. Når kinesiske styresmakter eller Putin freistar å skrive om historia til nasjonane sine, er det vår plikt som akademikarar med tilgang til grunntekstane å varsku ålmenta.

Filologi tyder vitskapen om skriftspråket og litteraturen til eit folk. I dag er det berre norrønfilologi ved UiO som har halde på denne nemninga. Det eksisterte både eit indo-iransk og eit semittisk institutt. Ulike omorganiseringar ved universitetet førte til at mange institutt vart lagde ned. Mange språkfag hamna då i store paraplyinstitutt, eitt av dei er IKOS.

– Dermed vart det lettare å leggje ned små språkfag, og dermed vart det enklare å innlema element frå språkfag i andre fag, til dømes såkalla områdestudium, men dermed utelét ein det filologiske grunnelementet, fortel Braarvig.

Opprettar eige institutt

Braarvig peikar på andre språkfag som har fått kroken på døra, akkadisk og sumerisk. No, saman med hebraisk, blir sanskrit nedlagt. Samtidig informerer IKOS at «kunnskap om Israel er en integrert del av vårt områdestudium», og dermed vil dei «fortsatt ha den samme fagkompetansen og studietilbudet».

– Det er misvisande, for utan kunnskap i opphavsspråket til grunntekstane til landet, vil vi berre ha ein overflatisk kjennskap til kulturen. Ein lærer ikkje israelsk kultur å kjenne på eit vitskapleg nivå gjennom engelske omsetjingar av hebraiske tekstar. Det er eit universitet uverdig!

I eit lesarinnlegg i Dagen viser kunnskapsminister Henrik Asheim til stortingsmeldinga Humaniora. Der blir det drøfta korleis ein kan tryggje små språkfag ved norske universitet gjennom særskilde finansieringsordningar. Asheim seier at han sluttar seg til innhaldet, men utan å koma med konkrete framlegg.

Jens Braarvig har saman med andre filologar teke saka i eigne hender og skipa eit nytt institutt der det filologiske blikket atter står i sentrum: Norsk filologisk institutt, som er ein frittståande forskingsinstitusjon.

– I dag lever vi i ei tid med stor kommunikasjon, men vi får stendig dårlegare kunnskap om historia til andre land. Det er eit stort paradoks. Den store taparen her er den globale danninga. Så lenge universitetet ikkje tek dette oppdraget alvorleg, vil vi gjera det. Vi tilbyd difor undervisning i dei språka som UiO legg ned, ved Norsk filologisk institutt, som akkadisk og sumerisk. Og no planlegg vi òg undervisning i moderne hebraisk.

– Braarvig tek feil

Dag og Tid har vore i kontakt med instituttleiar ved ILOS, Bjørn Olav Utvik. Han har denne kommentaren til utspela til Braarvig:

– Det er rett at det er faglege prioriteringar som ligg til grunn. Men det er feil når Braarvig hevdar at satsinga på austerlandske språk no er forsvunnen. Tvert om har det vore ei sterk utbygging av studietilbodet innan austerlandske språk dei seinare åra. Især gjeld dette kinesisk, japansk og arabisk, men vi styrkjer òg lærekreftene på tyrkisk og persisk. Og områdestudia vi driv, er nettopp språkbaserte. Språk utgjer fordjupinga i bachelorgraden. På masternivå kan studentane spesialisere seg i historie, politikk, religion, samfunn, litteratur eller språk, men uansett er dei forventa å arbeide med kjeldetilfang på det språket dei har lært.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er ein grov amputasjon så lenge Midausten er eit satsingsområde ved Universitetet.

Maryam Trine Skogen, teologistudent

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis