Ingen nye tyskstillingar
Det er ingen universitet eller høgskular som per i dag planlegg å opprette fleire stillingar i tysk.
Interessa for tysk må byrja ein stad. I mi personlege historie byrja det med den gode tysklæraren, både på ungdomsskulen og på gymnaset.
Interessa for Tyskland har ikkje minska. Språklege ressurssenter, kampanjar og satsingar på tysk språk, som Tyskland-strategien til regjeringa frå 2015, er stabla på beina. Men det som verkeleg duger, er faste stillingar i tysk ved norske undervisningsinstitusjonar. Her er stoda enno ikkje opplyftande.
«I framtida kan det bli manko på lærere i ungdomsskolen som kan tysk og fransk», heitte det i ei utsegn frå Fremmedspråksentetet ved Høgskolen i Østfold i mai.
Det handlar altså om institusjonane som utdannar gode lærarar. I Noreg finst det berre éin høgskule som tilbyd masterfordjuping i tysk: Høgskolen i Østfold. Det har dukka opp spørsmål om tysk og andre språk skal bli ein del av den nye lærarutdanninga ved andre høgskular. Det har enno ikkje skjedd. Ungdom lèt seg nok heller styre av lidenskaplege lærarar i studieval enn rapportar frå NHO.
Dag og Tid tok kontakt med norske universitet, og spurde kor mange fast tilsette dei har i tysk, og om dei har planar om å opprette nye stillingar i faget. Sendelektorar, doktorgradsstipendiatar og dilikt vert haldne utanfor.
Her er svara vi fekk:
Universitetet i Berge: Fem faste stillingar. Ingen planar om nytilsetjing.
Universitetet i Oslo: Seks faste stillingar. Instituttet som tysk høyrer til, er i gang med ein ny stillingsplan. Det er ikkje avgjort om det resulterer i nye stillingar til tysk.
Universitetet i Trondheim: 5,5 stillingar på seksjon for tysk ved instituttet. Ingen planar om nytilsetjing.
Universitetet i Tromsø har ikkje svara: Tysk stod her i fare for å bli nedlagt, men faget vart med naud og neppe berga. Ifylgje nettstaden deira: To fast tilsette.
Vi minner om at det tidlegare fanst eit eige institutt for tysk ved norske universitet – tysk eller germanistisk institutt. Ved Universitetet i Oslo var det om lag dobbelt så mange tilsette ved tysk i 1990-åra enn det er i dag.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.