Den engelske omsetjinga av romanen Den frosne kvinnen, som Jon Michelet fekk Rivertonprisen for, er på kortlista til ein Dagger-pris.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Jon Michelet på kortlista til prestisjepris
Jon Michelets prislønte krimbok Den frosne kvinnen er kortlista til ein av årets CWA Daggers i Storbritannia. Totalt ti prisar skal delast ut, og boka til Michelet er mellom dei seks nominerte til prisen for beste omsette kriminalroman, The CWA International Dagger. Dei andre som er nominerte, er Fred Vargas, Oliver Bottini, Henning Mankell, Pierre Lemaître og Dolores Redondo.
Dagger-prisane vert årleg delte ut av den britiske krimforfattarforeininga og er av dei mest kjende kriminallitterære prisane. Namna på vinnarane vert offentleggjorde 25. oktober.
Den frosne kvinnen kom ut på norsk i 2001. Jon Michelet fekk Rivertonprisen for andre gong for denne boka.
Britisk brexit til europeisk kultur
Britane må henge i om dei vil få med seg kulturtilbod frå europeiske land, anten det handlar om musikk, dans, teater eller film. Etter brexit vert det færre og dyrare kulturtilbod. Truleg vert det òg vanskelegare for britiske kunstnarar å opptre i EU-landa. Det kjem fram i fleire rapportar frå britiske kulturinstitusjonar og seinast i ein heilt ny rapport frå Overhuset, skriv den danske avisa Politiken.
Fire følgjer som den britiske kulturen får av brexit, er at dei misser tilskot frå kultur- og regionalfond i EU, europeiske kulturarbeidarar og ekspertar får ikkje så lett arbeide ved britiske museum, britiske musikarar vert hardt råka av visumtvang, og britane vert ikkje lenger verna av felles reglar om til dømes opphavsrett, skriv Politiken.
Ny Patti Smith-bok på norsk
I den nye boka Om å skrive (Devotion) fortel songar, låtskrivar, poet og artist Patti Smith om eigen kreativ prosess og om kva som inspirerer henne. Ho deler notat frå kafeen eller på toget, og lèt oss få eit unikt innblikk i kunsten sin og skapinga si, fortel Samlaget i presseskrivet.
Smith tek lesaren med på fleire reiser, mellom anna til Sør-Frankrike og heimen til Camus, og hagen til forleggjaren Gallimard, der vi møter gjenferda til Mishima, Nabokov og Genet. Smith oppsøkjer også Simone Weils grav på ein einsam kyrkjegard og tek oss med gjennom dei namnlause Paris-gatene i Patrick Modianos romanar.
Boka er omsett av Siw-Anita Kirketeig.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?