Huldra teikna av Theodor Kittelsen.
Foto: Morten Thorkildsen / Nasjonalmuseet
Kart over skrømt og huldrer
Kva det for noko? Institutt for kulturstudium og orientalske språk ved Universitetet i Oslo har laga eit kart for Ghost Busters, eller var det Åndenes makt? Nei, dette er eit kart for alle med interesse for kulturhistorie. Det er tale om eit «segnkart». Det er eit digitalt kart over gamle segner om varulvar, skrømt, draugar og huldrer.
På nettstaden kan du søkje opp segner knytte til heimstaden din. Ei av sogene frå Brønnøysund, som eg søkte på, heiter «Hans Perså og huldre»: Hans Perså vart forfylgt av ei «tråsøken huldergjente», men så lenge han gjekk med kniv, heldt ho avstand. Men ein dag gløymde han kniven. Kva hende då? Svaret finn du på segnkartet.
Shakespeare på nynorsk
Vestmannalaget i Bergen er det eldste mållaget i landet. I januar i år er det 150 år sidan laget vart skipa. Kulturarbeid på målet har vore ei av oppgåvene til vestmennene frå byrjinga av. I 1918 såg ei av fruktene deira dagens lys, Edvard Germanus Johannessen – eller som Edvard Alme, som han kalla seg – gav ut Ein flokk Shakespeare-sonnettor. Også denne boka feirar år. Det markerer laget med eit opptrykk av den vesle boka. Edvard Germanus Johannessen er elles kjend i Bergen for Nordnesparken, som takk vere han vart gjord om til eit friluftsområde. Boka er å få kjøpt hjå Norsk Bokreidingslag.
Internasjonal pris til Morten Strøksnes
Torsdag vann Morten Strøksnes ein britisk litteraturpris for «Havboka», eller «Shark Drunk», som boka heiter på engelsk. Han vann prisen for beste reiseeventyrbok i Edward Stanford Travel Writing Awards. Prisen vert delt ut for å feire reiselitteraturen og for å oppmuntre fleire reisande til å «leggje ned selfiestonga og plukke opp notatbøkene sine», skriv arrangøren på sin eigen nettstad. Prisutdelingsseremonien vart halden i London, men Strøksnes deltok ikkje.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.