Foto: Flemming Rostgaard
Stormen
Haustflått ligg landet med fargar i fleng,
dei logar og brenn opp i lidi,
inn i kvarandre reinfargane gjeng
og einast i mordsvart med tidi.
Stormen han kjeme og ripar og rør
burt lauvet som lidene gyller.
Soleis er stormen, han under seg trør
alt som ikkje romet sitt fyller.
Soleis er stormen på land og på hav,
han prøver sin styrke med alle.
Er naglen for veik, so gjeng båten i kav,
og veikrøtte tre, dei må falle.
Soleis er stormen i åndsheimens land,
han ruskar i ukvidde lende,
jagar burt skodd som på synet legg band
so fridomens fane me kjenne.
Fridom er frisinn, og frisinn er fred,
den kviler på kjærleikens styrkje.
Ei hatefull ætt lyt som båten gå ned
– og ruver i soga som myrkje.
Tarjej Bjørgulvsson Rysstad

Kommunistisk poesi – det vart til i skuggane av fabrikkpipene, tenkjer vi. I Noreg har vi Rudolf Nilsen, medlem av Noregs kommunistiske parti og kjend for skildringar av austkanten i Oslo. Mot denne bakgrunnen blir ein overraska når ein slår opp i Dikt (1968) av Tarjej Bjørgulvsson Rysstad (1890–1977) – ei ukjend bok for dei fleste av oss.
Her, i ei samling vers frå sjølve tradisjonsdalen i Noreg, Setesdal, på eit klassisk, klangfullt nynorsk, finn du nemleg poesi med eit revolusjonært innhald.
Rysstad kom frå ein heim med rosemåling og treskurd, men han var ikkje odelsgut. Han fekk eit jordstykke i Rysstad, men tidene var tronge, så han strauk til Amerika for derifrå å livberge kone og born. Det gjekk berre sånn måteleg. «Samfunnsbotnen kjenner eg / – og toppen kjenner du», skriv han i «Lakeien» – om han med «pengeboka full».
«Stormen», eit vers frå unge år, er eit revolusjonsdikt. Teksten varslar at ei ny tid er i emning, der ein storm sopar gamletida på historias skraphaug – i samsvar med poetikken til Rysstads meiningsfrende, sovjetdiktaren Vladimir Majakovskij. Fyrste del av diktet inneheld døme på makta stormen har over skogen, og så på havet. I dei to siste strofene konkluderer Rysstad: Stormen gjeld òg «i åndeheimens land», ideologien; han jagar bort skodda så «fridomens fane» kjem til syne.
I «Stormen» kjem ei indre spenning til uttrykk: Dei fagre skildringane av hausten i byrjinga legg opp til ei klassisk naturskildring, der haustfargar speglar att melankolien hjå diktaren. I slike dikt blir gjerne òg ein komande, blømande vår som gjev framtidsvon, tematisert. Men Rysstad når aldri så langt. Han bryt nådelaust av. Hauststormen «logar og brenn», alt skal bort. Haustfargane speglar ikkje att eit melankolsk, men eit raudt, revolusjonært sinn.
Diktet har lite sams med dei eksperimentelle versa til Majakovskij. Men setesdølen viser at språkbilete vi vanlegvis assosierer med konvensjonell naturlyrikk, òg kan brukast på eit radikalt tema. Vi minnest orda til kunstnaren Henrik Sørensen: Norsk folkekultur var enno frisk og urørd, og kunne difor brukast i modernistisk kunst.
RONNY SPAANS
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.