– Altfor mykje barnemusikk er overflatisk, meiner Rasmus Rohde i Rasmus og Verdens Beste Band. Tekstane deira skapar debatt.
Rasmus og Verdens Beste Band har gitt ut ny plate.
Foto: Erik Børseth.
Rasmus Rohde har alltid laga songar. Han spelte folkemusikk med trekkspelar Ronny Kjøsen på forskjellige skular då han oppdaga at songane slo an hjå barna. Det var piffen som skulle til for å samle ein gjeng musikarar, som ifølge Rasmus var så gode at bandet blei kalla Rasmus og Verdens Beste Band. Bandet frå Trondheim er i dag ti år gamalt, og består av bassist Erlend Smalås og pianist Kriss Stemland i tillegg til Rasmus. Men noko trønderband vil dei ikkje vere.
– Sjølv snakkar eg ei blanding av bokmål og trøndersk på grunn av svensk far, skodespelarmor frå Skillebekk og ein erketrøndersk stefar. Fordelen med å synge på dialekt er at tekstane blir munnlege og tett på kroppen, noko ungane responderer på.
– Tekstane har skapt litt debatt. Trur de at barn har godt av å høyre om alvorlege tema som mobbing, flyktningkrise og liknande?
– Folk er jo så pripne og liksomordentlege. Alt skal vere kvitt og påmåla med eit engelsk sitat. Alt som har med barn å gjere, skaper debatt, for dei er det mest dyrebare vi har. Men barn er jo sjølve alvorlege og undrande vesen. Dei har sett mange bilete av krig, flukt, naud, for ikkje å snakke om porno. Då synest eg det er rart at så mykje barnekultur er overflatisk. Det er ikkje godt nok å setje auge på eit køyretøy eller humpe rundt på ein trefot.
– Korleis vel de ut tema for tekstane?
– Eg samlar idear. Helst noko med konflikt i, spennande karakterar, ei kjensle, eit ordspel, noko morosamt, rart, sørgeleg eller urettferdig. Vi oppdaga at vi har brukt tema som er sjeldne i barnemusikk. Songen «Farmor og mormor» handlar til dømes om to bestemødrer som blir kjærastar. Eg skreiv han ikkje fordi eg ville omtale eit tema, men fordi eg høyrde om to venninner av mor mi som hadde blitt saman. På same måte er det med «Gutten på stranda» frå den nye plata. Som alle andre vert eg skaka av bildet av den syriske guttungen. Eg hugsar at kona mi og eg snakka med ungane våre om det.
– Korleis kan ein formidle slike tema til barn utan å skremme dei?
– Det hjelper å vere tydeleg. Eg vil ikkje seie forenkle, men heller at ein vel kva ein fortel. Det gjeld vel all skriving? I tillegg trur eg det er lurt å la døra stå litt open. Ein lukkeleg slutt avslører alle – også ungar. Men ei realistisk ending er fint. Kjernepublikummet vårt er barn mellom fem og ti år med foreldra til stades, og dei er musestille når vi spelar «Gutten på stranda». Då opplever eg at vi rører eit alvor som ungane alt har i seg. Ofte er det heller vi vaksne som blir skremde, det er mykje vi synest er vanskeleg å snakke om. Jobbar ein med barn, eller har ein barn, synest eg ein må snakke med dei om det triste, det alvorlege og det fryktelege i livet. Derfor er det naturleg for oss å lage barnesongar om slikt også.
– Fortel om det nye albumet, Banjo på badet.
– Produsent Kåre Vestrheim hadde lyst til å jobbe med oss, og dessutan fekk vi med oss fantastiske Stian Carstensen på trekkspel og Pål Hausken på trommer. Vi har fått spellemannprisar, sett opp teaterstykke og spelt for barne-TV, men det å jobbe med Kåre har vore eit trinn opp på stigen. Og sjølv om tekstane skaper debatt, får vi masse herleg respons, seier låtskrivaren.
Elise Løvereide
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?