Musikk

Kraftfullt forsiktig indie

Horsegirl speler beskjeden indierock med enorm ryggrad.

Horsegirl i 2022.
Publisert Sist oppdatert

Hest er høgaktuelt i musikksfæren for tida. Her om dagen kom bandet Horsebath ut med plata Another Farewell, og for kort tid sidan sleppte Horsegiirl sin vrinskegode dansemusikk-EP V.i.p. very important pony. Og så har vi Horsegirl, eit chigagosk indierockband, med det ferske albumet Phonetics On and On.

Horsegirl hentar inspirasjon frå indie- og alternativrockeband som Sonic Youth og Yo La Tengo. Phonetics On and On går rett på sak med ein kompakt og songbar indielåt med surfekjensle. 

På kanten av det naivistiske

Trioen – her blir det hovudsakleg spelt på to gitarar, trommer og ingen bass – balanserer på kanten av det naivistiske og stødige, ustemde og presise, og resultatet er eit forvitneleg, akkurat passe slarkete driv. 

Stilen er minimalistisk, enkel og liketil, men ut av det blå kjem underlege melodiske landingar, mildt sjokkerande taktskifte og – som tittelen peiker mot – snedige fonetiske kor-krumspring som smeltar saman med kontant, men likevel subtil felegnukking, gamelan-klunking og mildt røskande synthar.

Å sakne folk som søv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement