Kazuo Ishiguro får Nobelprisen i litteratur 2017.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB scanpix
Mellom Austen og Kafka
Nobelprisvinnaren i litteratur, Kazuo Ishiguro, vert «rosa for romanar med stor emosjonell styrke».
Svenska Akademien overraska i år også. Då namnet på vinnaren vart kunngjort, gjekk det eit sus gjennom lokalet der verdspressa var til stades. Vinnaren av Nobelprisen i litteratur var ikkje blant dei tjue i favorittsjiktet, men han er eit kjent namn både i Storbritannia og andre land. Han har skrive sju romanar, og fleire av bøkene hans er sette om til norsk.
Sekretæren for Svenska Akademien, Sara Danius, omtalar Ishiguros forfattarskap som ei blanding av arbeida til Jane Austen og Franz Kafka.
Kazuo Ishiguro vart fødd i Nagasaki i Japan i 1954. Han er ein britisk-japansk forfattar som har skrive både romanar, noveller, drama og fjernsynsmanus. Han flytta med familien til den vesle byen Guildford i den sørlege delen av England i 1960 og vende ikkje tilbake til Japan på nesten tretti år. Ishiguro har studert engelsk og filosofi. Han vart britisk statsborgar i 1982 og bur i dag i London.
I 1982 gav han ut si første bok, A Pale View of Hills, og ho handlar om ei japansk kvinne som er busett i Storbritannia og som hugsar opplevingane frå Den andre verdskrigen i Japan. For den andre romanen An Artist of the Floating World som kom ut fire år seinare, fekk han den prestisjefylte Whitbread-prisen.
Men den romanen som gjorde Ishiguro internasjonalt kjend, er Resten av dagen frå 1989. Han vart selt i ein million eksemplar, og Ishiguro vann Booker-prisen. Fire år seinare vart det laga film av romanen med Anthony Hopkins og Emma Thompson i hovudrollene. Filmen vart godt motteken og nominert til Oscar, Bafta og Golden Globe-prisar. Hopkins fekk heile sju prisar.
Handlinga i filmen er lagd til ein engelsk herregard i mellom- og etterkrigstida. Der lukkar den pliktoppfyllande butlaren augo og øyro for villfaringane til gardseigaren – og for kjærleiken når den nye hushalderska (Emma Thompson) kjem syklande inn på det ærverdige godset. Alle freistnadene hennar på å koma inn på han mislukkast. Når både kvinner og godseigaren flørtar med nazistane før utbrotet av den andre verdskrigen, overser han det også. Når godset får ny eigar på 1950-talet, vert han send på ein etterlengta ferie og oppsøkjer hushalderska som reiste frå godset nokre år tidlegare. Det resulterer i ei gryande erkjenning av at lojaliteten hans har vore feilplassert.
Ishiguros roman Never let me go fekk også stor merksemd, og han vart filmatisert i 2010.
Ishiguro har også skrive lyrikk, i det siste mest for jazzsongaren Stacey Kent. Dei samarbeidde om CD-plata Breakfast on the Morning Tram, som vart eit bestseljande jazzalbum i Frankrike.
ottar@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.