Felix Auerbach måla av Edvard Munch i 1906.
Foto: Van Gogh-museet
Munch i Amsterdam
Van Gogh-museet og Munch-museet hadde som nokre sikkert hugsar, Munch–Van Gogh-utstillinga i Oslo i 2015. Dei to levde om lag samtidig og har mykje sams kunstnarleg. Ein skulle tru det då fanst Munch-målarstykke ved Van Gogh-museet i Amsterdam. Det gjorde det faktisk ikkje.
Men no har museet som fyrste kunstmuseum i Nederland kjøpt inn eit bilete av Edvard Munch. Det er eit portrett av Felix Auerbach, som var kunstsamlar og ven av Munch. Munch er ein av kunstnarane som oppnår høgast sum på kunstmarknaden. Van Gogh-museet vil ikkje uttala seg om kjøpesummen. Auerbach var sjølv tyskjøde. Han såg eit bilete av Friedrich Nietzsche som Munch arbeidde med, og vart tilhengjar i same sekund. Det gjekk dessverre dårleg med Auerbach seinare i livet. Då Hitler kom til makta i 1933, tok han og kona livet sitt.
Relikviehandel ute av kontroll
Katolikkar i Europa opplever det same som lutheranarar i Noreg: Kyrkjer er lite besøkte og får kroken på døra. Det kan føre til at relikviar som prydde desse kyrkjene, kjem på avvegar.
Ein annan ting er at dei siste pavane har heilagkåra fleire enn dei tidlegare pavane gjorde. Det fører til at talet på relikviar har auka. No åtvarar Vatikanet mot handel med relikviar på eBay og andre stader. Eit par tastetrykk der, og du finn eit utval relikviar i prydde behaldarar, og prisen varierer frå eit par titals til mange tusen euro.
Katolikkar dyrkar ikkje relikviar som tidlegare, men dei blir enno haldne for å vera heilage gjenstandar.
Vil selja kjøpesenter
Ein av dei tre store kjøpesentereigarane i Noreg, det finske Citycon, vil selja unna kjøpesenter som ikkje høver med strategien deira. Det gjorde leiar i selskapet, Marcel Kokkeel, klart då han gjesta Eiendomsdagene førre veke. Det gjeld mindre kjøpesenter som ikkje er viktige nærsenter, sa han.
«Det blir to typar vinnarar i bransjen vår: dei store sentera, der folk kjem og brukar heile dagen. Og så er det sentera som ligg lokalt. Det er ikkje berre storleik som tel, posisjonering er òg viktig», heldt Kokkeel fram.
Avgjerda er i samsvar med utviklinga på kjøpesenterområdet. Kjøpesenter og bysentrum nærmar seg kvarandre. Det bilbaserte kjøpesenteret på eit jorde utanfor sentrum vil få det vanskeleg framover.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.