Terje Rypdal er 70 år.
Musikaren Terje Rypdal, som fylte 70 år 23. august, har ein lang musikkarriere bak seg.
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix
Tilrådd lytting:
Med Jan Garbarek:
Esoteric Circle (Freedom, 1969)
Sart (ECM, 1971)
Med Miroslav Vitous
og Jack DeJohnette:
Rypdal/Vitous/DeJohnette (ECM, 1978)
Med Thowsen og Christensen:
No Time For Time (Zarepta/Sonet, 1977)
Solo:
What Comes After (ECM, 1973)
Whenever I Seem To Be Far Away
(ECM, 1974)
Odyssey (ECM, 1975)
Lux Aeterna (ECM, 2003)
Crime Scene (ECM, 2010)
Tilrådd lytting:
Med Jan Garbarek:
Esoteric Circle (Freedom, 1969)
Sart (ECM, 1971)
Med Miroslav Vitous
og Jack DeJohnette:
Rypdal/Vitous/DeJohnette (ECM, 1978)
Med Thowsen og Christensen:
No Time For Time (Zarepta/Sonet, 1977)
Solo:
What Comes After (ECM, 1973)
Whenever I Seem To Be Far Away
(ECM, 1974)
Odyssey (ECM, 1975)
Lux Aeterna (ECM, 2003)
Crime Scene (ECM, 2010)
Eg var vel godt opp i tjueåra då eg byrja å lytta til Terje Rypdal. Sidan eg spelte gitar, og eg tidleg i tenåra godt visste at Rypdal var høgt akta som ein stilskapande gitarist av internasjonalt format, skulle det vel eigentleg vere naturleg å verte nyfiken på spelinga hans tidlegare, men slik vart det ikkje.
Det som verkeleg opna døra for meg mykje seinare, var den episke «Silver Bird Is Heading For The Sun» frå plata Whenever I Seem To Be Far Away frå 1974, med det som for meg må vere det kulaste Rypdal-bandet, med mellom anna Sveinung Hovensjø på bass og Jon Christensen på trommer.
Seinare høyrde eg han på konsert fleire gonger, og eg hugsar særskilt tingingsverket til Nattjazz i 2009, med eit glitrande Bergen Big Band i storform i Røkeriet på USF, ein konsert som vart spelt inn og seinare kom ut som Crime Scene på plateselskapet ECM.
Eigen klang
Det var særskilt komposisjonane, klangbruken, samansetninga av musikarar og den fryktlause eksperimenteringa med gitarens moglegheiter som gjorde at eg berre måtte dykke skikkeleg ned dette universet. Gitarspelet hadde spor av både den norske gitaristen og komponisten Bjørn Fongaard, den britiske gitarhelten Jeff Beck, og friimprovisatoren Derek Bailey, men gav òg inntrykk av søkinga etter å få gitaren til å låte som eit anna instrument – til dømes fløyte eller saksofon – båe instrument som Rypdal elles trakterer på fleire innspelingar. Og så har han ein sterk nerve i spelinga. Ei uro som han får uttrykt på målerisk vis gjennom sterke, ekspressive tonar, oftast gjennom en Fender Stratocaster kopla til ein Marshall-forsterkar på høgt volum.
Sjangerblanding
Terje Rypdal dreiv tidleg med ei unik sjangerblanding; med inspirasjon frå den meir elektriske Miles Davis-perioden, blanda med ein rockeenergi til liks med Jimi Hendrix, og til meir samtidsmusikalske uttrykk, som dei austeuropeiske komponistane Gyorgy Ligeti og Krzysztof Penderecki. Samstundes verka han særs medviten om det meir norske avtrykket i klassisk komposisjon og samtidsmusikk, frå Eivind Groven til Finn Mortensen, som han studerte hos, Arne Nordheim og igjen Bjørn Fongaard, som eg vil tru har påverka mykje av musikken hans frå kring 1970.
Det er noko med heile spennet som ligg i til dømes frijazzplata Min Bul frå 1970, med Bjørnar Andresen og Espen Rud, dei eksperimenterande Esoteric Circle, Afric Pepperbird eller Sart, saman med Jan Garbarek, Arild Andersen og Jon Christensen, alle frå nokolunde same tidsepoke, via Odyssey-bandet, eller trioen med jazzlegendene Miroslav Vitous og Jack DeJohnette, Chaser, med Bjørn Kjellemyr og Audun Kleive, til nyare storband-, kor- og orkesterverk som Ineo, Crime Scene og Melodic Warrior.
Tonal lengt
Det tok meg lang tid å skjøna kva som ligg bak denne særs omfattande musikalske reisa, som òg inneheld surfgitar med Vanguards, 1960-talsrock og psychedelia med Dream, Van Halensk power-gitar på 1980-talet, og meir lyriske prosjekt med Jan Erik Vold eller Ketil Bjørnstad. Det vil seie: om eg nokon gong kjem til å skjøna det heilt.
Uttrykket til Rypdal er hans eige, det trengst ikkje meir enn éin tone for å høyre kven som spelar. Og musikken er ganske mystisk til tider, om eg kan bruke eit slikt uttrykk, og eg vil seie søkjande, som ei tonal lengt til ei musikalsk verd som enno ikkje finst.
Albuma er no der heldigvis, om ein vil ta ei tidsreise. Ein imponerande og omfattande produksjon, både godt dokumentert og innspelt på meisterleg vis. Og komponisten og utøvaren Terje Rypdal verkar heldigvis ikkje som han har tenkt å gje seg med det fyrste.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar
og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement