Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Jazz
Keith Jarrett:
The Old Country (More from The Deer Head Inn)
Keith Jarrett, piano; Gary Peacock, bass; Paul Motian, trommer.
ECM
16. september 1992 var Jarrett attende på jazzklubben Deer Head Inn, 30 år etter at han spelte der sist. Det var også 16 år sidan sist han spelte med Paul Motian. Eit utval frå konserten blei gjeve ut på At The Deer Head Inn i 1994. Med denne utgjevinga er resten (?) av materialet tilgjengeleg. Totalt to timar og tjue minuttar musikk. Dei fekk mykje for pengane, dei som var på konserten, for The Old Country er ikkje andresortering.
Båe platene er prega av ei avslappa stemning, og denne utgjevinga meir enn den første. Uttrykket er vesentleg annleis enn platene med standardtrioen (med Jack DeJohnette på trommer). Motian held først og fremst takten på stødig og velkjent vis, og Peacock dannar eit tandem med Motian som gjev Jarrett høve til å ta i bruk heile registeret. På «Straight No Chaser» møter me den aggressivt insisterande og repeterande Jarrett, medan han uttrykkjer seg svært sparsamt i den to minuttar lange avslutninga på tittelkuttet, som ei kloning mellom Count Basie og Jan Johansson. I introen på «I Fall in Love Too Easily» er han på sitt mest stillfarne lyriske.
Kanskje «Golden Earrings» best av alt oppsummerer dette slentrande samspelet. Her får alle sagt sitt. Fråværet av høge skuldrer er komplett. Gjennomgåande for heile plata er at Jarrett ikkje legg ut på mange og lange improvisasjonstrekk. Her dyrkar han først og fremst replikkunsten. Ein blir glad av å høyra på The Old Country, og heldigvis er den forvitnelege omslagsteksten til Jarrett frå 1994-plata med denne gongen også.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.