Mysteriet bak Nerudas død
Den kjende poeten Pablo Neruda døydde mogelegvis av forgifting.
Døydde Pablo Neruda ein naturleg død eller vart han forgifta?
Foto: Laurent Rebours/NTB scanpix
Litteratur
ronny@dagogtid.no
Pablo Neruda (1904–1973) er kjend for dei fleste. Neruda var psevdonymet til den chilenske diktaren, diplomaten og kommunisten Ricardo Eliecer Neftalí Reyes Basualto, som blir rekna for å vera ein av dei mest framståande diktarane i Latin-Amerika på 1900-talet. Neruda mottok fleire prisar, mellom anna Nobelprisen i litteratur i 1971.
Neruda døydde på eit sjukehus i Santiago, medan han vart behandla for prostatakreft. Han døydde tolv dagar etter Augusto Pinochets militærkupp i landet. Det har lenge vore mistanke om at det låg noko meir bak dødsårsaka hans. Neruda hadde fått tilbod frå den meksikanske presidenten om å søkje asyl i Mexico. Nerudas sjåfør fortalde eit meksikansk tidsskrift at Neruda fekk ei sprøyte med gift for å unngå at han flykta, og at han døydde etterpå.
I 2013 vart ei undersøking av liket til diktaren stabla på beina. Vevsprøvar av liket vart sende til sjukehus i fire ulike land. No har mellombels resultat kome. Kreft er utelukka, heiter det, prøvene viser til ein infeksjon, mogelegvis av bakteriar kultiverte på eit laboratorium. Desse bakteriane skal no granskast vidare.
Reaksjonane på undersøkinga sprikjer. Nerudas nevø Rodolfo Reyes meiner diktaren vart forgifta, medan ein annan nevø, Bernardo Reyes, meiner påstanden om drap har som mål å skapa sensasjonar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Litteratur
ronny@dagogtid.no
Pablo Neruda (1904–1973) er kjend for dei fleste. Neruda var psevdonymet til den chilenske diktaren, diplomaten og kommunisten Ricardo Eliecer Neftalí Reyes Basualto, som blir rekna for å vera ein av dei mest framståande diktarane i Latin-Amerika på 1900-talet. Neruda mottok fleire prisar, mellom anna Nobelprisen i litteratur i 1971.
Neruda døydde på eit sjukehus i Santiago, medan han vart behandla for prostatakreft. Han døydde tolv dagar etter Augusto Pinochets militærkupp i landet. Det har lenge vore mistanke om at det låg noko meir bak dødsårsaka hans. Neruda hadde fått tilbod frå den meksikanske presidenten om å søkje asyl i Mexico. Nerudas sjåfør fortalde eit meksikansk tidsskrift at Neruda fekk ei sprøyte med gift for å unngå at han flykta, og at han døydde etterpå.
I 2013 vart ei undersøking av liket til diktaren stabla på beina. Vevsprøvar av liket vart sende til sjukehus i fire ulike land. No har mellombels resultat kome. Kreft er utelukka, heiter det, prøvene viser til ein infeksjon, mogelegvis av bakteriar kultiverte på eit laboratorium. Desse bakteriane skal no granskast vidare.
Reaksjonane på undersøkinga sprikjer. Nerudas nevø Rodolfo Reyes meiner diktaren vart forgifta, medan ein annan nevø, Bernardo Reyes, meiner påstanden om drap har som mål å skapa sensasjonar.
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.