Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Når byråkratar teiknar noregskartet

Fylka våre får nye namn: Nordlys fylke, Vestlandet og Viken, føreslår fylkeskommunane.
– Misfoster og skivebom, seier Tom Schmidt, professor i namnegransking.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Troms og Finnmark Frp føreslår Nordlys fylke som det nye namnet deira. Finnmark fylkeskommune er litt meir nøktern, dei vil ha Troms og Finnmark, den arkiske regionen. I mellomtida dansar nordlyset over Tromsø.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk /NTB scanpix

8270
20180216
8270
20180216

FYLKESNAMN

ronny@dagogtid.no

Fylka i landet skal bli færre, og dei skal få nye namn. Det er ikkje fyrste gong regionane våre blir omorganiserte. Enkelt fortalt: I norrøn tid var Noreg delt inn i fylke, medan landet i mellomalderen var samansett av syssel og len, før eineveldet kom i 1660, og len i sin tur vart bytt ut med amt.

For om lag hundre år sidan, i 1919, kom ein ny runde med endringar, denne gongen initiert av både modernisering og norsk sjølvstende: Amt vart atter fylke. Det interessante er korleis det vart gjennomført jamført med fylkesreformene i dag.

I 1919 var gangen slik: Nynorskmann og professor Marius Hægstad og Riksmålsforeningens formann, professor Hjalmar Falk, laga ei utgreiing for Stortinget. Ho vekte litt murring her og der: Somme ville halde på amt-nemninga, og framlegget om Austfold, som jamvel riksmålsmenn stod bak, vart vraka til fordel for Østfold. Elles gjekk framlegga til fagfolka gjennom utan større vanskar.

Korleis blir det gjort i dag? Kranglinga om Vestlandet som nytt namn på det nye vestlandsfylket kjenner vi alle til. «Vil drøfte navn og innhold i den nye regionen bak lukkede dører», var tittelen på ei sak i NRK om eit møte mellom politikarar og byråkratar om framlegg til namn på eit nytt fylke i Nord-Noreg. Det var så sterke kjensler i sving at pressa ikkje fekk tilgang.

Dag og Tid har sett på prosessen med fylkessamanslåing saman med fagmenn. Professor emeritus i namnegransking og stadnamnekspert Tom Schmidt er ikkje imponert. «Misfoster» og «brot på namnelova», er ord han brukar på prosessen.

På friarferd

Politikarane har vedteke at dagens 19 fylke skal bli 11 frå 2020. Dei bad fylkesordførarane i 2016 tala seg imellom om kven dei ville inngå partnarskap med. Stortinget vedtok 8. juni 2017 desse samanslåingane: Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg i lag. Her kjem det nemnde Vestlandet inn som namnealternativ, til forarging for dei andre vestlandsfylka. Aust-Agder og Vest-Agder er uproblematisk, dei blir Agder. Likeins Nord- og Sør-Trøndelag, som alt lever lukkeleg i hop som Trøndelag fylke. Bryllaupet stod 1. januar i år.

Oppland og Hedmark skal òg bli eitt. Der er Innlandet føreslege som namn på nyfylket. Neste samanslåing Stortinget har vedteke, er Buskerud, Akershus og Østfold. Her er Viken, alternativt Vika, framlegget.

Også Telemark og Vestfold skal smiast i Hymens lekkjer, og fylkesordførarane har lova kvarandre truskap og kjærleik for resten av livet. Skagerrak, kviskra Vestfold i øyra til Telemark, men brura fnyste åt det namnet. No går bryllaupsplanane smertefritt fordi dei som eit moderne ektepar, har valt å halde på namna til begge partar: Det nye namnet blir Telemark og Vestfold fylke – trass i at regjeringa helst såg at dei nye fylka fekk berre eitt namn.

Troms og Finnmark fylgjer same sporet – dei satsar òg på dobbeltnamn: Troms og Finnmark fylke. Men politikarane murrar likevel. Kva skal stå fyrst? Troms eller Finnmark? Samtidig har dei levert andre framlegg: Finnmark Frp leverte framlegget Nordlys fylke. Andre vil ha Finnmark/Finnmarka – for å stette kravet om eitt namn.

Så til sist finst det fylke som slepp unna runddansen: Staten tillèt fylkeskommunalt sølibat for Nordland, Rogaland, Oslo og Møre og Romsdal – vel, dei to sistnemnde var visst alt eit par.

– Skivebom

– Nordlys står som eit bilete på det absurde i prosessane kring fylkesnamnet.

Det seier Tom Schmidt. Anten er desse namna slett ikkje stadnamn, eller så bommar dei fullstendig på den geografiske tilvisinga, seier han og eterlyser elementær namnekompetanse:

– Ta Innlandet, det er inspirert av politi- og sjukehuseininga i regionen. Det er ikkje eit stadnamn, du finn det ikkje i Kartverket. Hedmark og Oppland dekkjer eit område med mange namnetradisjonar, her har dei mange gode namn å av. Kva med å ta opp tråden etter Falk og Hægstad, som ville ha Upland, Opplanda, i dagens rettskriving? Det er eit gamalt namn som dekkjer heile området.

– Då murrar dei vel i Hedmark fylkeskommune, ingen vil vel ta namnet til den slemme grannen? Troms protesterte høglydt då Finnmark vart lansert som nytt namn på fylket i nord.

– Namnedebattar rokkar ved identiteten vår. Det vekkjer sterke kjensler; ein finn er jo eit gamalt namn på same. Men Finnmark er faktisk meir dekkjande enn Troms, som eigenleg er det gamle namnet på Tromsøya, altså namn på ei øy, ikkje eit landskap.

– Finst det ikkje andre alternativ? Kva med Hålogaland, eller rett og slett Vardøhus, det gamle amt-namnet?

– Ja, namna på bispedøma dannar eit betre grunnlag enn namn på sjukehusdistrikt. Sør- og Nord-Hålogaland kan fungere som førebilete. Men då måtte Nordland fylke òg endre namn til Sør-Hålogaland. Når det gjeld Vardøhus, ville eg heller hatt gamle danske namn enn eit nymotens påfunn, om så Vardøhus er unorsk – vi brukar ikkje hus i tydinga festning. Då kunne ein halde fram med det gamle Bergenhus i staden for Vestlandet, som språkleg er skivebom, ja brot på namnelova, for Vestlandet viser jo til eit større område. Ja, desse namna er ikkje så framande, vi har jo alt Akershus.

– Misfoster

Dermed er Schmidt inne på den største skivebommen, ja «misfosteret», som han kallar det. Buskerud, Akershus og Østfold vil slå seg saman til Viken/Vika. Ironisk nok skal dette storfylket leggje seg som ein lang, buktande Midgardsorm – med byangst – utanom Oslo. Trass i at både Akershus, altså festninga, og Vika er knytte til Oslo. Og trass i at administrasjonen til Akershus fylkeskommune alt ligg midt i Oslo sentrum.

Schmidt viser her til Olav Norheims kommentar i avisa Valdres under tittelen «Småkongedømmenytt»: «Forma Viken er i beste fall ei dativform. Opp med handa den som kan dativ. I verste fall ei gamal riksmålsform», og vidare «Men Vika? Vika er eigentleg namn på ei hamn og ein buss-stopp og ein bydel i ein by som ikkje skal vera med i nyfylket, nemleg Oslo».

– Kva med det historiske Vika, området kring Oslo-fjorden, der vikingane kom ifrå?

– Det er òg skivebom, for landskapet Vika dekte eit større område. Det var knytt til Båhuslen, som vi miste for akkurat 360 år sidan til svenskane. Nei, det du tenkjer på, er Folda, som både Vestfold, Østfold og Follo har namnet sitt frå. Det hadde vore eit betre namn, men då skulle Oslo ha vore med, av omsyn til både namnetradisjonar og geografi, kommunikasjon og infrastruktur.

Småkongane

Det er såkalla forhandlingsutval frå fylkeskommunane, samansette av politikarar og administrativt tilsette, som leverer namneframlegg. Dei sender framlegga i tur og orden til vurdering hjå Språkrådet. Språkrådet frårår ikkje uventa Vestlandet. Dei frårår òg eit anna alternativ som Finnmark fylkeskommune fann på: Troms og Finnmark fylke, den arktiske regionen. «Slike tillegg hører ikke med i tradisjonelle stedsnavn», skriv rådet.

Det same meiner ein annan namnegranskar vi har tala med, Klaus Johan Myrvoll, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger og tidlegare korrekturlesar i Dag og Tid.

– Det er ikkje rart slike prosessar går for lukka dører. Dei endar som stillingskrigar mellom lokale hovdingar fulle av misforstått patriotisme, slik sett er «Småkongedømmenytt» ein god merkelapp. Det gjeld «å setja eigen heimstad i fremste æreromet», som professor Koht sa. Ta Troms og Finnmark – det er klårt av både geografiske og rytmiske grunnar at Troms må koma fyrst her. Nei, prosessen i år representerer eit stort fall jamført med den gong fagmenn som Falk og Hægstad gjorde ei sakleg, rasjonell utgreiing og presenterte solide fylkesnamn for regjeringa.

– Men alle namneframlegg skal godkjennast av Språkrådet før dei går vidare til departementa. Vil ikkje fagkompetansen her luke ut misfoster?

– Berre delvis. Vestlandet vil politikarane ha trass i domen frå Språkrådet. Språkrådet har berre rådgjevande makt. Likeins namnekonsulentane. Og i departementa, der vedtaksmakta ligg, finst det lite fagleg kompetanse eller vilje til å styre. Vi såg korleis det gjekk med OsloMet. Eg ottast vi får det same uføret med dei nye fylkesnamna.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg ville eg heller hatt gamle danske namn enn nymotens påfunn.

Tom Schmidt, professor
i namnegransking

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis