Riksantikvar Jørn Holme og fagdirektør Berit Lein.
Foto: Thorleif Thorsen
Noreg i UNESCO-komité
Den 14. november vart Noreg vald inn som medlem av Unescos prestisjetunge verdsarvskomité. Det melder Riksantikvaren i ei pressemelding. Den norske delegasjonen til komiteen vil bli leia av riksantikvar Jørn Holme og fagdirektør Berit Lein i Miljødirektoratet. Noreg er medlem i verdssarvkomiteen for perioden 2017–2021. Komiteen har 21 medlemer som blir valde mellom dei 193 landa som har underteikna konvensjonen.
«Dette er en stor begivenhet for oss. Verdensarvkomiteen er en viktig komité i FN-systemet. Verdensarvlisten har stor betydning for å sikre verdens kultur- og naturarv for framtiden», uttalar klima- og miljøminister Vidar Helgesen.
Det skjer òg andre endringar i Unesco. I den 39. sesjonen av Unescos generalkonferanse vart Audrey Azoulay vald til ny generaldirektør for organisasjonen. Ho tek over stillinga etter Irina Bokova.
Geert Mak vinn pris
Geert Mak er nærast like kjend i Noreg som i Nederland. Journalisten og historikaren Mak er kjend for En reise gjennom det 20. hundreåret (2008), som også har gått som TV-serie på NRK, og USA. En reise (2013). I år er han aktuell med Jan Six og hans mange liv, ei historie om ein av Amsterdams mest vidgjetne familiar. Boka har gjort stor suksess i heimlandet. Denne veka fekk Mak den gjæve forfattarprisen frå Prins Bernard Cultuurfonds. Prisen er på 150 tusen euro, om lag ein og halv millionar kroner. Mak seier at han vil bruke halvparten til å støtte andre forfattarar økonomisk.
Kim Friele blir teater
I desember er det urpremiere på stykket Kim F, som Den Nationale Scene i Bergen set opp i samarbeid med Teater Innlandet. Kim F viser til Kim Friele, som i dag er 82 år. Ho er kjend som ein av Noregs fyrste forkjemparar for homofile rettar. Frieles arbeid var ein direkte grunn til at straffelovas paragraf 213, som kriminaliserte homoseksuelle handlingar, vart avskipa i 1972.
«Det er en blanding av uforståelighet og uvirkelighet. Jeg trodde det var bare mennesker som var døde som man laget teater om. Ikke et sprudlende, levende menneske. Men det er stort, det må jeg få lov å si», seier Friele til NRK.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.