Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Ill.: Erik Werenskiold

Ill.: Erik Werenskiold

2308
20171027

Jag ikkje namnen hans Nevja!

No vil du gjævingen driva

or heimen, den hæve bonde;

kvi er du so hard, du konge?

Vondt for deg vil det vera

slik varg å bitast med.

Rømer han til skogs, då røvar

han radt av kongens kyr.

Hild Rolvsdotter

(Omsetjing frå gamalnorsk: Steinar Schjøtt)

Norrøne skaldar, kva assosiasjonar vekkjer det? Jau, sterke menn i den norske hirda. Men vent no litt! Hadde ikkje kvinner ei usedvanleg sterk stilling i norrøn tid? Og ja då, det fanst ei stutt rekkje «skaldinner»: Jorunn Skaldmøy, Hild Rolvsdotter, Steinunn Revsdotter og Steinvor Sigvatsdotter.

Diktet ved sida av er av Hild Rolvsdotter. Det passar inn i ein kategori i lyrikken: bønskrift, altså oppmoding på vers.

Strofa til Hild Rolvsdotter er eit bønskrift av ein aggressiv type. Det er mamma Hild som har ordet, ho forsvarar godguten sin, Rolv Ragnvaldsson, som har vore litt vel framfus sist han var på viking. På reisa heim frå austerveg tok han seg ein snartur opp Vika og plyndra litt der òg. Kong Harald Hårfagre lyste Rolv fredlaus.

Fyrst bad Hild om fred for Rolv-guten, men kongen sa nei, så sa ho fram dette bønskriftet. Sant nok byrjar ho litt mjukt, med ein eufemisme: Vil du jaga den «hæve bonden», han som er kalla opp etter Rolv Nevja? Rolv Nevja, morfar til vikingen, var ein gjæv norsk stormann. Men så trår mamma til: Om Rolv blir fienden din, blir det som å bitast med ein varg; og rømer han «til skogs», altså til utlandet, kjem han berre til å plyndre heimlandet endå meir.

Varg er ikkje eit tilfeldig ord her, Rolv er samansett av hrod («vidgjeten») og ulv. Hild var utan tvil ei påhitten og ordkvass kvinne.

Korleis kongen reagerte på bønskriftet, fortel Soga om Harald Hårfagre ikkje. Men Hilds namnespel på ulv var sannspådd. Ho spådde neppe ulvar i norske skogar i dag. Men Rolv – som var så stor og klossut at han ikkje kunne ri til hest, men måtte gå attmed, og fekk namnet Gange-Rolv – vart vidgjeten. Etter landsforvisinga strauk han til Normandie. Dersom Gange-Rolv og Rollo er same person, er Hild kan hende tipp-tipp-tippoldemor til Vilhelm Landvinnar.

Når eg ser boksekampar i dag og ser mor til boksaren brått dukke opp, tenkjer eg på Hild: hardbarka matroner som spyttar og harkar når sonen får eit slag på tyggja. Hild kunne spytte òg, men ho gjorde det med velvalde ord.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis