Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Ukjend / NTB scanpix

Foto: Ukjend / NTB scanpix

2245
20171222

Mjuk som kongurvev

MALIKUS:

Saa høyr daa: sverd er ikkje rette vaapne

i denne tid, med sløgd! Ja grækarsløgd

so mjuk som kongurvev, der største fluga

vert snara fast i tankegranne traadar

som ingen øygner annan stad enn der

som sola glimer paa dei.

Olav Nygard

Frå «Brotstykke av eit sogespel», Ung-Norig, november og desember 1920

Olav Nygard er ein av våre mest kjære diktarar, ja, innan nynorsklyrikken er han truleg den aller største. «Det finaste me hev av lyrikk», skreiv Arne Garborg om det siste verket hans, Ved Vebande (1923). Kjende dikt som «No reiser kvelden seg» finst i dei fleste diktantologiane.

Få veit at Nygard opphavleg planla ein karriere som dramatikar. I unge år budde han hjå familien Garborg og såg på skodespel på Nationaltheatret. Johs. A. Dale, som har skrive biografien om Nygard, nemner titlar på drama han arbeidde med: Leiv Lidarhaug, Rannveig og Bileam. Minst to av desse titlane er historiske drama. Shakespeare og dei historiske skodespela hans var idealet.

Dessverre brende Nygard manusa opp i vonbrot over refusjon frå forleggjarar. Men eit og anna fragment slapp unna. Eit av dei kom på prent i Ung-Norig i 1920. Kva stykket heitte, veit vi ikkje, tittelen er berre «Brotstykke av eit sogespel», men av innhaldet går det fram at handlinga er lagd til Israels historie. I sentrum står den sløge Malikus (Malchos) som planlegg drap på ein konge i det herodianske dynastiet Antipater. Det er den svikne Malikus som har ordet i utdraget ved sida av. Han er ein nygardsk Macbeth.

Hulda Garborg sa om eit av spela hans at det hadde «praktfulde replikker». Det gjeld i høgste grad for replikken til Malikus. Biletet på kongroveven der den største fluga (altså Antipater) skal fangast, er shakespearsk. Det same er andre replikkar i brotstykket, til dømes «Du tynnest av/ lik maanen naar han er i siste fjording,/ og bognar likeeins.»

Om Nygard hadde talent for dramatisk dikting, får vi aldri vita. Men brotstykket i Ung-Norig vitnar om ein gjevnad for den shakespearske monolog- og replikkunsten – den såkalla soliloquyen. Som kjent skreiv den engelske lyrikaren Robert Browning dramatiske monologar og gav dei ut som dikt. Hadde Nygard fått leva lenger, hadde det truleg vore ein veg for han å gå.

RONNY SPAANS

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis