Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Tor Tjeransen

Foto: Tor Tjeransen

2604
20180302

Han skal fødast

No skal han fødast. Herren Gud sit fast

i livmora han skapte, djupt der inne.

Det strammar seg rundt Sonen, og i hast

kjem himlen snart til jorda frå ei kvinne.

Og tømmermannen Josef freistar finne

eit klede og litt vatn til Maria.

Men barnet pressar mot si fosterhinne,

no hjelper ingen ting, no er det tida

då det må koma! Josef sit ved sida;

han held si unge kone godt i armen

og hjelper i den neste harde ria,

i stjerneskinet og dyrevarmen.

Så pressar jorda himmelbarnet fram,

ho legg det ned i krubba til eit lam.

Hans Johan Sagrusten

Petter Dass skreiv Evangeliesangene. Han skapte dermed ein tradisjon i norsk lyrikk, ein tradisjon som har vara fram til vår tid, då særleg med Arnold Eidslott. Det handlar om attforteljing og personleg fortolking av historier frå Den heilage skrifta. Ein kristen songar mellom dei unge er Hans Johan Sagrusten. Han blir knapt nemnd i oversynsartiklar over norsk lyrikk, og diktsamlingane hans er berre melde i kristne blad. Sagrusten er nok meir kjend som sakprosaforfattar.

Men desto større overrasking er det då å bla i Evangeliesonettar (2012), ein tittel som peikar attende til Herr Petter. Diktsamlinga handlar om Jesu liv, frå fødsel til krossfesting og oppstode. «Han skal fødast» er frå fyrste delen av samlinga.

Jamføringa med Dass, barokkens meister i Noreg, er ikkje tilfeldig – det er to grunnar til det. Det fyrste gjeld formaspektet. Boka er samansett av 93 sonettar – den kjende diktforma frå renessansen. I «Han skal fødast», er det tale om den shakespearske forma med mønsteret abab cdcd i dei åtte fyrste verslinene; i andre dikt nyttar han mønsteret etter Petrarca. Det er tale om eit krevjande mønster som skal gå opp. Som vi ser i dette diktet, blir «inne» og «Maria» etterfylgde av tre ord med same rimet. Somme sonettediktarar skriv glatte, smidige dikt, andre meir springande, som dette diktet. Det ser vi til dømes i overgangen «hast – kjem». Men det høver godt, for det gjev att det støytvise ved ein fødsel.

Den andre grunnen gjeld språkbileta til Sagrusten. Det leikande språket, som spelar på motsetningar og motseiingar, men som derigjennom tydeleggjer teologiske grunnsetningar, er typisk for barokken. «Herren Gud sit fast/ i livmora han skapte, djupt der inne», heiter det slagferdig. Maria føder Jesus som jo er same vesen som Gud, ifylgje læra om den kristne treeininga.

Om Sagrusten har få litterære slektningar i norsk samtidspoesi, er det ikkje vanskeleg å finne frendar i verdslitteraturen. I gode augneblinkar får vi glimt av engelske «metafysikarar» som George Herbert gjennom Sagrusten.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis