«Salvator Mundi» er eit portrett av Kristus og skal vere måla kring 1500
Foto: Reuters
YouTube-offensiv mot sjikane
YouTube rustar opp for å gjere det vanskelegare å publisere innhald som er krenkande, villeiande eller manipulerande, eller som skadar andre på nettstaden. I løpet av 2018 er målet å auke talet medarbeidarar som jobbar med å fjerne krenkande innhald og hatefulle ytringar på YouTube til 10.000 personar. Det skriv administrerande direktør Susan Wojcicki i YouTube i ein bloggpost nyleg. Ho stadfestar at YouTube – i tillegg til å vere ein plattform for kreativitet, læring og informasjonstilgang, og verte brukt til å fremje sosial endring, mobilisere protestar og dokumentere krigsbrotsverk – også har ei meir urovekkjande side: Dårlege aktørar «utnyttar openheita vår til å villeie, manipulere, trakassere eller skade andre». Dei siste åra har YouTube gjennomført ein offensiv for å fjerne valdeleg eller ekstremistisk innhald på nettsidene, ved hjelp av ny maskinteknologi, algoritmar og medarbeidarar. Berre sidan juni har YouTube fjerna over 150.000 videoar med valdeleg ekstremistisk innhald, ifølgje Wojcicki. No skal lærdomane herifrå brukast til å takle anna problematisk innhald.
Nye historiske vandreruter
Riksantikvaren og Turistforeningen samarbeider om å gjere gamle ferdselsårer i Noreg meir kjende, og lanserer i 2018 fire nye historiske vandreruter. Dei fire rutene er ei stølsvandring i Valdres, Gamle Hadelandsvei gjennom Nordmarka, Reisaleden i Nord-Troms og ei historisk DNT-rute i Jotunheimen, ifølgje Riksantikvaren. Målet med prosjektet er å gje dei gamle ferdselsårene nytt liv som attraktive turruter og syne fram ulike delar av norsk historie, som seterkultur, handelsvegar, fangstruter og den tidlegaste turistferdselen i fjellet. Frå før er det lansert sju andre historiske vandreruter i 2015 og 2016. Dei sju er Brudleruta mellom Sirdal og Kvinesdal, Finnskogrunden i Hedmark, Turistvegen over Folgefonna, Kamperhamrane i Sogn og Fjordane, Jacobinerruta ved Oslofjorden, Flyktningeruta frå Oslo til Sverige og Telegrafruta i Nordland.
leonardo Da Vinci-mysterium løyst
Det handlar ikkje om boka til Dan Brown, men om ein anonym kjøpar av det dyraste målarstykket i verda. For ein månad sidan blei det einaste Leonardo Da Vinci-målarstykket i private hender selt på auksjon hos Christie’s. Summen «Salvator Mundi» nådde, var 450,5 millionar dollar (3,8 milliardar norske kroner). Sidan har journalistar kappast om å finne ut kven som var kjøparen. No har dei lukkast. Han heiter Bader bin Abdullah bin Mohammed bin Farhan al-Saud, og er saudisk prins. Biletet skal synast fram på det nye Louvre-museet i Dei sameinte arabiske emirata.
eva@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.