NOAB rettar inkonsekvensar
Hanne Lauvstad, leksikograf og etymologiansvarleg i NAOB-redaksjonen, har svara Dag og Tid. Ho fortel at redaksjonen har gått igjennom punkta i artikkelen. Når det gjeld forma «eg», handsamar dei henne likt med «e» og «æ»:
– Frå eit bokmålsperspektiv ser vi på dei som dialektale former. Det kan ikkje vera oppgåva til ei bokmålsordbok å gjera greie for kva for tilvisingsord som er normerte nynorskformer.
Lauvstad vektlegg samtidig at redaksjonen ikkje utan vidare vil føre «jeg» attende til eit dansk opphav:
– Lydutviklinga kan godt ha skjedd i austnorsk, det har Didrik Arup Seip argumentert for. Men når vi skriv «jf. dansk jeg», er det nettopp for å vise til ein mogeleg dansk påverknad.
Når det gjeld «verden», er omsetjinga «menneskealder» av det norrøne ordet ein leivning frå Norsk Riksmålsordbok. Denne detaljen er no retta opp, fortel Lauvstad.
– Men om den vidare omtolkinga av ordet har skjedd i dansk eller norsk, går vi ikkje inn på, for vi meiner det høyrer meir heime i etymologiske spesialordbøker enn i ei allmennordbok som NAOB, og etymologien for «verden» er allereie lang.
Endringar
Lauvstad fortel òg at dei har endra forklåringa for «velge»:
– Vi er samde i at det er ein mangel i velge-etymologien. Som ein vil sjå av etymologiane for «velge» og liknande ord, legg vi vinn på å vise kva som er lån frå dansk i bokmål og kva som er dei norrøne motstykka, til dømes har vi dette oppslaget ved «selge»: «fra dansk sælge, tilsvarer norrønt selja».
Til sist seier Lauvstad at NOAB har teke høgd for at inkonsekvensar kan førekome. Det har med storleiken på prosjektet å gjera:
– Ordbøker av ein slik type, som inneheld millionar einskildopplysningar, har vorte redigert av mange i ein lang periode og av mange personar. Inkonsekvensar i slike prosjekt er ikkje til å unngå, anten det gjeld Oxford English Dictionary eller heimlege ordbøker. Ambisjonen vår har vore at alle enkeltartiklar skal vera korrekte. Skulle ein handheva eit strengt konsekvenskrav i eit så stort prosjekt, ville det ha teke altfor lang tid å gjennomføre. Ordboka blir stendig forbetra. Sidan NAOB er ein digital publikasjon, tek vi òg i framtida gjerne mot tips til endringar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ikkje oppgåva til ei bokmålsordbok å gjera greie for kva som er normerte nynorskformer.
Hanne Lauvstad,
leksikograf
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.