Janove-universet
Kaizers Orchestra lever framleis, iallfall gjennom røysta til Janove Ottesen. No gir han ut soloalbum nummer to.
Janove Ottesen gjer det godt som soloartist, og har selt ut fleire av konsertane sine så langt i år.
Foto: Arne Bru Haug
Heilt sidan «Kontroll på kontinentet» tok av på NRK Svisj tidleg på 2000-talet, har Kaizers Orchestra vore eit band alle kjenner. Rockebandet skilde seg ut med jærdialekt, gassmaske og pumpeorgel, og få kan gløyme låtar som «Hjerteknuser», «Ompa til du dør» og «Evig pint». Fem år etter at bandet bestemte seg for å ta pause på ubestemt tid, er vokalist Janove Ottesen no aktuell med det andre soloalbumet sitt, Hengtmann. Gassmaska er borte, men røysta er lett å kjenne att, sjølv når sjangeren er fullstendig ny og annleis.
– Det var så inspirerande å lage den første plata, Artisten og Marlene, og deretter spele konsertar med det nye bandet mitt, at eg fekk lyst til å lage fleire låtar. Denne gongen ville eg skape låtar som passa endå betre til den nye gjengen. Så vi spelte festivalar kvar helg i sommar og komponerte Hengtmann i vekedagane. Det var både intenst og samlande for oss. Albumet er mørkare, meir liveprega og krydra av stilen til musikarane. Det var også målet.
– Kva skil det nye soloalbumet frå det som kom ut i fjor?
– Det førre albumet komponerte eg utan å vite kven som skulle spele med meg. Det er ein stor forskjell. På dette albumet utnyttar eg dei beste kvalitetane til gutane i bandet. Det blir litt meir bandlyd av det.
– Kona di, Susanne Reienes, har bidratt på dette albumet?
– Ho har vore sparringspartnar på tekst og musikk, men også innanfor planlegging og strategi heilt sidan 2001. I 2012 starta vi firma saman og formaliserte jobben hennar. Som dagleg leiar er ho olja i bedrifta vår og den første og viktigaste samarbeidspartnaren min når ein tekst, låt eller framtidsplan blir til. Det er gøy å vere to om alt. Vi har ein eigen rytme og vår eigen livsstil.
– På den ferske plata bidrar også Ane Brun og OnklP, og meldarar skildrar albumet som ei blanding av R & B, hiphop og rap. Dette er ganske ulikt stilarten Kaizers Orchestra hadde?
– Eg er den same, men eg er forhåpentlegvis i utvikling. Når ein jobbar med nye folk, må det nødvendigvis bli litt nytt og annleis. Det er første gong eg har med to så dyktige og profilerte artistar som Ane Brun og rappar OnklP på same album. Eg liker variasjon i stil, så eg synest det er fint å ha med desse to svært ulike artistane på albumet mitt. Då er det eg som er brua mellom dei.
– Du er kjend for å fortelje historier i tekstane dine. Korleis gjer du dette utanfor Kaizers-universet?
– Eg held fram med å fortelje. Å setje ei ramme er viktig for meg. Eg skriv betre og meir kreativt med rammer. Innanfor ei slik ramme kan eg skrive om absolutt alt. Ein skulle tru det var omvendt, men ikkje for meg.
– Kaizers Orchestra vart kjent utanfor Skandinavia sjølv om tekstane er norske. Korleis passar norske tekstar, og ikkje minst brynedialekten, til hiphop?
– Eg er ein rytmisk vokalist, ikkje ein rappar. Min måte å synge dialekt på fungerer fint. Hadde ein jærbu rappa og samstundes hatt stilen min, hadde det også fungert, trur eg.
– Du skriv teatermusikk i tillegg til å vere artist. Kva anna skal du jobbe med i år?
– Eg skal ha ein del konsertar med bandet, og spele på festivalar til sommaren. Utover det skal eg nytte heile 2018 til å komponere for to større prosjekt som begge kjem i 2019.
Elise Løvereide
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»