Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Russlands-fararen

Omkrinsen av jorda er 40.075 kilometer. Erika Fatland har reist langs Russlands grense, det er 60.932 kilometer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ved Donetsk. Erika Fatland, saman med Vladimir, ein historieprofessor omskolert til stridsvognførar.

Foto: Christopher Nunn

8225
20171229
8225
20171229

Litteratur

ronny@dagogtid.no

«En fryktløs globetrotter», skreiv ein kritikar nyleg om Erika Fatland. Det viser til den siste boka hennar: Grensen. En reise rundt Russland, ei reiseskildring som ikkje nett fylgjer normalen for reiseskildringar. Russland er det landet i verda med lengst grense. Denne ferda har Fatland gjort til fots, med båt, i bil – men ho har òg juksa litt ved å reise einskilde stutte strekningar med fly.

Les du tittelen, bør du leggje meir vekt på grense enn på Russland. Fatland har studert dei fjorten landa som Russland grensar til. Det er tale om fjorten små land – vel, ikkje alle er så veldig småe, som Kina – som grensar til det største imperiet i verda.

Reisene inneheld mange eksotiske høgdepunkt, som strupesong på steppene i Mongolia, men fokuset ligg på liv og soge i skuggen av ei supermakt. Boka syner at ei grense ikkje er eit fasttømra fenomen, men noko flytande.

– Då Putin annekterte Krim-halvøya i 2014, var det hovudsak på nyhenda, vi vart alle sjokkerte. Dette var overtramp mot ukrainsk territorium. Vi ser gjerne på grenser som fiks ferdige linjer. Men historia lærer oss at dei endrar seg; grenser er menneskeskapte. Og det gjeld i høgste grad for Russland, fortel Fatland.

Boka er flust av døme på dette. Fatland reiser kilometer etter kilometer på jakt etter Russlands faktiske og forsvunne grenser. Men det er ikkje naudsynt å reise for å koma til eit nytt land. Fatland fortel dette om ei eldre georgisk kvinne som aldri har reist: «Hun har bodd i tre land: Sovjetunionen, Georgia og Sør-Ossetia».

Kva land er no Sør-Ossetia? Ein kunne like gjerne nemne Abkhasia, Nagorno-Karabakh og Donetsk. Det er utbrytarrepublikkar som er produkt av dei flytande grensene til Russland; sistnemnde, som ligg i Aust-Ukraina, er den yngste republikken i verda. Slike land blir ikkje alltid anerkjende internasjonalt.

Draumen

Erik Fatland fortel ideen til denne boka kom til henne i ein draum:

– 2014 drøymde eg at eg gjekk på eit stort kart, frå land til land, langs ein lang, raud strek. Landet nord for streken var Russland. Då eg vakna, forstod eg at dette var mitt neste bokprosjekt. Boka skulle heite Grensen.

Nokre veker seinare kom Putins annektering av Krim og det braut ut krig i Aust-Ukraina. Samtidig gjorde Fatland ei filologisk gransking av ordet grense – vi har lånt det frå tysk, men det stammar frå slavisk språk; det urslaviske «gran» kan sporast attende til eit indoeuropeisk ord for «kant», «ende».

Dermed var det ikkje tvil lenger: Draumen måtte bli røyndom.

Og Fatland var rette personen til å skrive eit slikt verk. Ho er utdanna sosialantropolog frå Universitetet i Oslo, med studieopphald i Russland. Ho har tidlegare skrive Englebyen (2011), om gisseldramaet i Beslan, og Sovjetistan (2014), ei ferd gjennom tidlegare sovjetstatar som endar på –stan, som Usbekistan og Kasakhstan. Men Fatland seier desse bøkene er småting jamført med Grensen.

Grensen er «doktorgraden» min. Det har kravd eit stort arbeid å koma igjennom stoffet. Kvart av dei 14 landa som grensar til Russland, har sine eigne historiske årstal, namn og hendingar. Og desse kan vera svært så innfløkte. Vår soge, med firehundreårsnatta og unionen med Sverige, blir blåbær i jamføring. Eg fekk ei rekkje fagfolk til å lesa gjennom utvalde delar av boka for å luke ut eventuelle feil.

Mat ved grensa

Boka til Fatland viser at grenser ikkje berre handlar om passering av geografisk område, men òg kulturelle, sosiale og gastronomiske skilje.

Fatland skriv like stoisk om matgilde som om grufulle hendingar i skuggen av ein erobringssjuk tsar, kommunistleiar, eller i skuggen av dagens Putin. «Over 800 000 mennesker fra hele Sovjetunionen, i hovedsak politiske fanger, var innom den kasakhastanske fangeleiren», heiter det, før vi på neste side les om «saftige, georgiske ostebrød og valnøttsblandinger».

– Som sosialantropolog har eg lært at du må eta den maten du får servert, elles opplever verten det som ei avvising. Mat er ikkje berre føde, men sosialt kommunikasjonsmiddel. Mat kan til og med fungere som «passersetlar».

Fatland viser til ein for oss vestlege uforståeleg episode i boka: Når ho kryssar grensa mellom Aserbajdsjan og Georgia, spør ein georgisk tollar henne: «Hva slags georgisk mat liker du best da?» Samtalen utviklar seg deretter ut i det absurde, Fatland nemner det georgiske brødet khatsjapuri, men tollaren er langt frå nøgd: «Men hvilken khatsjapuri liker du best? Adsjarisk? Mingrelsk? Gurisk? Ratsjulisk? Imeretisk?»

Det har gått greitt med maten på turen, også med drykk, fortel Fatland. Den russiske vodkakulturen har óg spreidd seg til grannelanda. Vertane hennar har stort sett godteke eit nei takk med orsakingar om at ho er ei «svak kvinne», når dei har tilbode henne eit glas, for vodkadrikking er i stor grad ein machokultur.

Ho har då òg måtta tole sjåførar med seksuelle ymtingar, med trugsmål om sjølvmords-åtak i IS-stil, og vorte låst inne i eit husvære utan straum og vatn, der det ikkje fanst telefon eller mobildekning.

– Men desse episodane blir likevel småting mot trafikken i nokre av landa eg har vitja. Kirgisistan og Kasakhstan blir haldne for å ha den farlegaste trafikken i verda. Diskriminerande kommentarar var ingenting i mot å sitja i ein bil som køyrer 170 kilometer i timen.

Putins metode

Fatland gjev att samtalar med folk som stadfestar våre verste fordomar mot frendane våre i aust. Ho talar med menn som renn over av Putin-dyrking, homohets og kvinnehat. Men ho moraliserer ikkje over dei. Her kjem òg den stoiske posisjonen hennar, sinnsroa, til synes:

– Eg vil ikkje kommentere slike utsegner, for eg meiner lesaren er godt nok intellektuelt utrusta til å vurdere utsegnene sjølve. Eg er meir interessert i å vita kvifor dei tenkjer slik dei tenkjer.

Ho er heller ikkje ute etter å servere løysingar på politiske konfliktar, men ho gjer observasjonar som fører oss beinveges inn i kjennemerka til Russlands grense. Somtid kan endringar av grensa forklårast geografisk: Riket har vore for stort til at tsaren kunne forsvara grensene. Då japanarane gjekk til åtak på Port Arthur i 1904 – dagens kinesiske Lüshun – visste dei at dei hadde gode sjansar til siger; det ville ta femti dagar for tsaren å frakte eit av regimenta sine dit.

I dag er det grensa til Ukraina som er i søkjelyset. Ein kan undrast over kvifor den nemnde utbrytarrepublikken Donetsk ikkje har vorte innlema i Russland av Putin:

– Putin er opportunistisk. Så lenge han ser han ser at stoda med eit uavhengig Donetsk tappar Ukraina for krefter, lèt han situasjonen vera slik han er, fortel Fatland.

Noregs skam

Ved sida av opportunisme er konspirasjonsteoriar eit kjennemerke ved Putins politikk. Det fører oss rett inn i siste nyhende frå den russiske grensa, i dette tilfellet grensa til vårt eige land.

Frode Berg som i 25 år har arbeidd som grenseinspektør ved Grensekommisariatet i Sør-Varanger, vart i byrjinga av desember arrestert i Moskva og sikta for spionasje.

– Frode Berg er ein av dei eg har rådført meg med under arbeidet med boka. Han er ein ærleg, påliteleg person. Eg har svært vondt for å tru anna enn at saka er fabrikkert.

Siste del av boka handlar nett om den norsk-russiske grensa. Noreg er det einaste grenselandet som Russland ikkje har vore i krig med. Ein skulle tru dette kapittelet difor ville vera preg av fred og forsoning. Erika Fatland får òg selskap på denne siste etappen. I lag med far sin padlar ho opp Grense Jakobselv.

Men nei, Fatland skriv i siste kapittelet om ein skamplett i norsk historie som synest å vera gløymd:

– Om lag 13 700 sovjetiske krigsfangar omkom under opphaldet i Noreg. Til jamføring vart i alt 11 893 nordmenn drepne i krigen. Jamvel om det norske landssviksoppgjeret var nokså strengt, vart norske selskap aldri stilte til ansvar for den kyniske utnyttinga av sovjetiske krigsfangar. Til dømes nekta NSB å gje opp detaljar om arbeidsinnsatsen til sovjetiske styremakter, for å sleppe unna erstatningskrav, fortel Fatland til slutt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Norske selskap vart aldri stilte til ansvar for den kyniske utnyttinga av sovjetiske krigs-fangar.

Erika Fatland, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis