Skepsis mot postreglar
Nye postreglar neste år gjer at mange abonnentar må vente lenge på få lokalavisa i posten. Frå nyttår av vil det ikkje bli skilt mellom A- og B-post. Det gjer at all post vil bruke to dagar på å nå fram til mottakaren. Mange lokalaviser er ottesame for korleis dei skal få levert dei nyprenta avisene sine til tingarane i tide når dei nye reglane tek til å gjelde.
– Dette er rett og slett katastrofalt for mange av lesarane våre, seier lokalavisredaktør for Fjordingen, Bengt Flaten, til nrk.no.
– Fredagsavisa vår blir prenta torsdag, men vil etter nyttår ikkje koma fram til abonnentar andre stader i landet før måndag eller tysdag. Då har meir enn halve veka gått, og då blir avisene veldig gamle.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Skepsis mot postreglar
Nye postreglar neste år gjer at mange abonnentar må vente lenge på få lokalavisa i posten. Frå nyttår av vil det ikkje bli skilt mellom A- og B-post. Det gjer at all post vil bruke to dagar på å nå fram til mottakaren. Mange lokalaviser er ottesame for korleis dei skal få levert dei nyprenta avisene sine til tingarane i tide når dei nye reglane tek til å gjelde.
– Dette er rett og slett katastrofalt for mange av lesarane våre, seier lokalavisredaktør for Fjordingen, Bengt Flaten, til nrk.no.
– Fredagsavisa vår blir prenta torsdag, men vil etter nyttår ikkje koma fram til abonnentar andre stader i landet før måndag eller tysdag. Då har meir enn halve veka gått, og då blir avisene veldig gamle.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.