Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

wikicommons

wikicommons

2971
20171027
2971
20171027

Skogsbygningar er freda

Statsskog har vore skog- og utmarksforvaltaren til den norske staten gjennom 150 år. Det er nettopp markert med ei stor gjerning hjå Riksantikvaren: I oktober vart 45 bygningar i Statsskogs eige freda: Skogskoier, skogvaktarbustader, funksjonærhusvære og fjellgardar står på lista over freda skogsbygg, skriv Riksantikvaren i ei pressemelding. Fredinga omfattar eitt eller fleire byggverk på 20 eigendomar – 45 bygningar i alt.

Anlegga som blir freda, ligg i ti ulike kommunar, frå Sirdal i sørvest via innlandets skog- og fjelltrakter, med eit tyngdepunkt i Femundsmarka, til Rana, Saltdal og Målselv i nord. Husa er frå slutten av 1700-åra til 1955, om lag halvparten frå fyrste halvdelen av 1900-talet. Fleirtalet av bygningane i denne statlege sektoren er små og unelege, og dei har vorte lita endra sidan dei vart reiste av trauste, sterke skogsfolk.

Ny utstilling om Michael Jackson

National Portrait Gallery i London skal opne ei ny, stor utstilling om Michael Jackson der målet er å syne kva han hadde å seia for samtidskunsten. Eit av mange døme er skulpturen «Bubbles» som står utstilt på Astrup Fearnley Museet. Utstillinga On the Wall som ifølgje museet er den fyrste i sitt slag, kjem til å syne bilete både frå offentlege og private samlingar i heile verda. Utstillinga opnar sommaren 2018, som er det året Jackson kunne blitt 60 år.

Fyrste transperson i Playboy

Forretningsmannen som grunnlag Playboy, Hugh Hefner, døydde for om lag ein månad sidan. Han hadde eit siste ynske før han gjekk bort: at etterfylgjarane hans skulle vise ein transperson på framsida av det amerikanske bladet. Hefner hadde alt peika ut kven som skulle bli den heldige: 26-årige Française Ines Rau. Modellen er fødd i Paris, men er av nordafrikansk opphav. Fyrstkomande månad blir «hen» den fyrste transpersonen som pryder framsida av det erotiske tidsskriftet som i år har eksistert i 64 år.

Modellen seier sjølv at ho vonar at oppslaget vil gje sjølvtillit til andre transpersonar, for venleiken til alle kvinner – trans eller ikkje – fortener å bli feira.

Narrestreken

Ei utlysing av ei stilling som fyrsteamanuensis i nordisk ved Universitetet i Bergen har skapt rabalder i den gamle hansabyen. Og temaet er noko så banalt som ein skråstrek. I utlysingsteksten heiter det at der er ynskjeleg at søkjarane har «forskingskompetanse i nordisk sosiolingvistikk/dialektologi». Komiteen som leia tilsetjingsprosessen, tolka skråstreken slik: kompetanse i sosiolingvistikk er eit ufråvikeleg krav, medan kompetanse i dialektologi kjem på andreplass. Dermed vart mange namn strokne i søkjarbunken. Men ein søkjar klaga, og dermed byrja ballen å rulle. Det har vore oppslag på oppslag i universitetsavisa, og saka kom opp i fakultetstyret. Konklusjonen er klar: skråstrek tyder ikkje rangering av det eine over det andre, men likestilling av begge desse faga. No er det sett opp ny sakkunnig komité som skal vurdere alle søkjarane på nytt.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis