Skrifthistorier
Skriveskule ved Nilen
Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Sonen til ei ung mor frå Nasaret skreiv éin gong i sand. 2000 år før skreiv ein egyptisk skrivelærar til sonen sin: «Inkje er større enn skrifta. Den er som ein båt på havet.»
Jesu første skuledag er omtalt i det apokryfe Tomas’ barndomsevangelium, truleg skrive seint på 100-talet. Eitt av svært få bilete av skuleeleven Jesus er måla i kvelvingen på ei kyrkje i Danmark. Då han levde, skreiv ein mest på flak eller rullar av papyrus i Midtausten – brend leire var fortid, ark av pergament mest framtid.
Forteljingane om Jesus frå Nasaret er mange, men berre éin stad blir det sagt at han skriv. «Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren», står det i Johannes 8-6 – og han bøygde seg ned ein gong til. Ingen veit kva han skreiv, men vi veit kva han sa, og kva det fekk å seie.
Lære eller satire
Han som fortalde sonen sin om verdien av skrift, var den egyptiske byråkraten Dua-Khety. Utsegna er funnen i Khetys lære, ei lærebok for skrivarar, forma som ein samtale mellom faren og sonen Pepi på veg sørover Nilen til skriveskulen eit godt stykke unna handelssenteret Memphis. Gjennom 30 små avsnitt får Pepi høyre om kva som er godt og dårleg med 15–20 yrke. Øvst ragar skrivaren, både økonomisk og sosialt.
Eller gjer han no det? Khetys lære kan forståast som ein av fleire forløparar til Ordtaka i Det gamle testamentet. Læra er ein av mange tekstar i den visdomslitteraturen som her nord kom til uttrykk i Håvamål fleire tusen år seinare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.