Skrifthistorie

Materielle rammer for skrift

Historia om skriving utgjer minst 5500 år. Materielt sett utgjer det fem tidsaldrar: leire, papyrus, pergament, papir og skjerm.

I 1940 fann fire gutar i Lascaux i Sør-Frankrike nokre holefigurar. Det førte til at rundt 800 vegg- og takbilete tidfesta til 11.500 f.Kr. vart funne.
Publisert Sist oppdatert

Skriftsystem er helst blitt forma for å vere funksjonelle. Endå viktigare er dei materielle føresetnadene. Den som skriv, må ha noko å skrive på.

Skiftande materiale utgjorde i mange tusen år ein vesentleg og til tider avgjerande maktfaktor i historia om skrift. Dei færraste fekk lov til å lære seg skrivekunsten, men også tilgangen til materiale for skrift avgrensa kven som faktisk fekk høve til å skrive.

Difor meiner eg at det har meir for seg å ordne skrifthistoria etter materialtypar enn etter skriftsystem.

Epokane for dei ulike materiala varierer noko verda rundt, og særleg i dei to første var ulike materiale i bruk. Austover i India og Asia skreiv ein ikkje på pergament. Overgangane var dessutan glidande, ikkje absolutte. Og dei tok tid.

Frå bilete til skrift

Skrift er grafiske teikn. Det som kan kallast dei eldste grafiske spora etter menneske, er om lag 37.000 år gamle, men usemja er stor om desse visuelle uttrykka bør, kan eller skal reknast med i historia om verbale språk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement