Dataspel er populært, somtid går det for vidt
Foto: AP / Lee Jin-man
Spelavhengigheit som sjukdom
I eit utkast frå Verdsorganisasjonen for helse (WHO) over sjukdomar i 2018, er spelavhengigheit for fyrste gong lista opp. Framlegget til sjukdomsnamnet er «gaming disorder» – spelforstyrring. Etter at mange spelavhengige har døydd av ekstrem utmatting etter lange speløkter med lite svevn og mat, kan tilstanden no for fyrste gong bli anerkjend som sjukdom. Utkastet definerer spelforstyrring som ein tilstand der ein misser kontroll over frekvens og intensitet av spel, og der spelinga tek over andre interesser og daglegdagse aktivitetar. Problema knytte til spelinga må vera av så alvorleg grad at det har ein stor negativ effekt på viktige arenaer som skule, jobb eller sosialt liv for å bli definert som sjukdom. Det er enno ikkje klart om spelforstyrring vil bli med i den endelege oppdateringa i utkastet, men spelavhengigheit har vore anerkjend som ei sinnsliding av psykiaterforeininga i USA sidan 2013. Det er då ikkje usannsynleg at statusen som sjukdom kan få større utbreiing. I Noreg blir spelavhengigheit enno ikkje sett på som ein sjukdom.
Protestar mot Star Wars
Det var store forventningar til den siste episoden av filmserien Star Wars, The Last Jedi, som nyleg kom på kino i Noreg, ikkje minst fordi dei gamle stjernene har kome attende på kinolerretet, som Mark Hamill, skodespelaren bak Luke Skywalker. Filmen har stort sett fått god kritikk, men ei gruppe er likevel djupt såra og vonbrotne. Ikkje mindre enn 80 tusen fans har underskrive ein protest imot framstellinga av Luke Skywalker: Dei synest han er for depressiv. Det byrja med Star Wars-fansen Henry Welsh som tok initiativet til underskriftkampanjen «Have Disney strike Star Wars Episode VIII from the official canon», «Disney må slette Star Wars Episode VIII frå den offisielle kanonen». «Episode VIII was a travesty», konkluderer Welsh på nettstaden til kampanjen.
Tala britar amerikansk før i tida?
Vi ser gjerne på britisk som ein reinare og meir opphavleg engelsk enn den amerikanske varianten av språket. Så enkelt er det ikkje. På forskning.no er fyrsteamanuensis i engelsk språk ved Universitetet i Oslo, Kristin Bech, intervjua. Ho fortel at uttalen i britisk tidlegare var meir lik dagens amerikansk-engelske uttale. Britar uttalte mellom anna vokalen «a» i ord som bath nærare ein æ-lyd før; dei uttalte det meir som «bæth» eller «bæthroom», som kan minne om korleis amerikanarar uttaler bath i dag. Den tydlegaste skilnaden gjeld r-lyden, fortel ho vidare: Der britar i dag ikkje uttaler r-en i ord som winter og bar, ville folk på 1500- og 1600-talet hatt med ein tydeleg r-lyd på slutten av orda.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.