Statens nye klede
OsloMet, Clemens Eiendom, RURALIS. Kva er dette namna på? Private investorar? Reklamebyrå? Nei, det er namn på statlege verksemder.
Frå den offisielle opninga av ei av Avinors nye lufthamner, den nye avdeling av Oslo lufthamn i april 2017. Men kva tyder eigenleg namnet?
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Namn
ronny@dagogtid.no
OsloMet, Clemens Eiendom og RURALIS heiter dei no – eller vil dei heite, for OsloMet er enno ikkje eit godkjent namn.
Kva viser namna eigenleg til? Clemens Eiendom er eigedomsselskapet til Opplysningsvesenets fond. RURALIS er kortversjonen. Langversjonen er RURALIS – Institutt for rural- og regionsforsking, og då forstår vi kva verksemd som ligg bak: Det som tidlegare heitte Norsk senter for bygdeforsking.
Det sistnemnde, OsloMet, er i grunnen eit stutt og enkelt namn, men samandraginga har kosta 800.000 kroner. Det er det nye namnet på Høgskolen i Oslo og Akershus – eit namn rektoren har funne fram til med hjelp av dyre konsulenttenester. Høgskulen er godkjend som universitet av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) og då må eit nytt namn vera på plass. OsloMet er ei avstytting for Oslo Metropolitan University.
Kvifor desse namnebyta? I argumentasjonen for både RURALIS og det eventuelt framtidige OsloMet blir det vist til internasjonalisering. Det handlar om å plassere seg på verdskartet. Men kan Oslo verkeleg kallast ein metropol? Stiller vi i same klasse som New York og London?
Vitnar ikkje desse namna om keisarens nye klede, eller – sidan det er ein moderne, demokratisk stat som kleder seg nymotens – statens nye klede?
«Spanking»
Lista over nymotens namn er lengre enn dei nemnde namna. Vi kunne vera freista til å ta med det alt nemnde NOKUT. Det er eit namn som høyrer til same tradisjon som FAFO. Det er ikkje meir hokuspokus med desse namna enn at dei er kortversjonar baserte på dei fyrste bokstavane i det fulle namnet deira: NOKUT står for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen, FAFO for Fagbevegelsens senter for forskning, utredning og dokumentasjon.
Vi kunne òg ta med DB Schenker, det kjende globale logistikk- og transportkonsernet. Den norske delen av selskapet heitte Einar Sundbye før det vart kjøpt opp av Schenker. Liksom Sundbye er Schenker namnet på grunnleggjaren av eit firma som ligg til grunn for konsernet – nemleg austerrikaren Gottfried Schenker (1842–1901). Schenker slukte òg Linjegods AS, som er eit meir talande namn. Namnet Schenker informerer oss ikkje om verksemda, men det er eit gamalt namn.
Men eit anna moment er like viktig. Her er det tale om namn på private bedrifter. Dei kan ikkje språkfolk gjera så mykje med, for dei er ikkje pliktige til å fylgje norsk rettskriving og namnetradisjon, same kor komiske dei måtte vera. Siste påfunn i det private næringslivet er forkortinga Skandiabanken til Sbanken, som har vekt ironiske kommentarar i media. Ikkje berre fører endringa til eit tap av identitet – banken for skandinavar, som truleg var ein opphavleg idé attom namnet; det nye namnet vekkjer utilsikta assosiasjonar til kroppsleg straffing, eller var det nyting?
«Fuglen frå nord»
Det er nettopp slike namneforkortingar, med tap av informasjon om funksjonen til verksemda, som er vortne populære i staten. Og staten skal vel å merkje fylgje norsk rettskriving.
Namn som Helse Søraust og Helse Nord er på grensa av det som er naturleg norsk. Etterleddet skal etter norsk namneskikk stå framfor hovudordet, slik som i Nord Universitet. Vi spør likevel om Nord-Universitetet ikkje hadde vore betre norsk.
Så finst det dei som droppar d-en. Avinor skulle dei fleste vera kjende med, det statlege selskapet som driv 45 norske lufthamner. Avinor var tidlegare eit forvaltningsorgan med namnet Luftfartsverket. I 2003 gjekk Luftfartsverket over til å vera eit statseigd aksjeselskap og bytte samstundes namn til Avinor AS.
Når vi talar om Luftfartsverket, skjønar vi kva vi talar om, men Avinor ...? Vel, med litt fantasi og kunnskap i engelsk og latin, forstår vi kanskje kva det handlar om. Mange kjenner til det latinske uttrykket rara avis, «sjeldan fugl». Engelsk aviator («pilot») går òg attende til «fugl». Så då blir vel Avinor «fuglen frå nord»? Namnet må elles ikkje forvekslast med bilutleigefirmaet Avis – som ikkje har noko med fuglar å gjera.
Ein annan slik hybridkonstruksjon er Bane NOR, det statlege føretaket med ansvar for infrastruktur på jarnbanen. Bane NOR var skipa i fjor. Men er «nor» eit norsk ord? Dei glupe konsulentane som stod bak, har mogelegvis lært av Hamsun. Den store individualisten og medvitne marknadsvarebyggjaren fann ut at Hamsund vart for langt og traust.
Eller er det tale om ei forkorting av Noreg? Har det gamle transportselskapet Nor-Cargo fungert som modell? Bane NOR hadde ein gong namnet Jernbaneinfrastrukturforetaket SF. Eit sabla informativt namn, men eit namn som nok ville skremme vatnet av mangt eit PR-byrå.
Cicero
Kvifor slike tilslørande forkortingar? Alt i klassisk tid vart det åtvara mot det ukjende og uattkjennelege. Cicero skreiv at folk vemst av det som er heimleg og kjært, men er tiltrekte av det som er nytt og framandt. Dette veit tilsette i PR-byrå. Og det handlar sjølvsagt òg om pengar og økonomisk vinst.
I byggjesaker i Kommune-Noreg støyter ein gjerne på ivrige deltakarar som Rom Eiendom og Clemens Eiendom. Private aktørar? Nei. Rom Eiendom er eigedomsselskapet til Bane NOR, medan Clemens er eigedomsselskapet til Opplysningsvesenets fond. Det nyttar sjølvsagt ikkje å koma dragsande med eit så langt namn når ein skal spekulere i eigedom. I byggjesaker er det ironisk nok den private aktøren Olav Thon som opererer med fullt namn, ikkje staten.
Det handlar ikkje berre om å overraske med nye namn. Når staten opererer med tilslørte namn, tilslører dei òg dei opphavlege oppgåvene til staten: samfunnsnyttig arbeid. «I dag bruker Rom Eiendom sin posisjon til å utvikle kommersielle prosjekt og kjøre over lokale myndigheter og innbyggere på veien», skriv arkitekt Karl Emil Sødergren jr. i Arkitektnytt. I mai tok Rom Eiendom likevel til vitet og endra namnet til Bane NOR Eiendom.
Døyande stjerne
Kva argument brukar aktørane sjølve om namneendringa? Harald Lein, direktør i RURALIS, seier til Nynorsk pressekontor at det både handlar om å famne breitt nok til å fange heile fagfeltet og om å nå «internasjonale forskarar og forskingsinstitutt».
Direktør ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Curt Rice, er av same oppfatning. Favoritten hans til ny nemning på høgskulen når det blir universitet neste år, er OsloMet – Storbyuniversitetet. «Met er en forkortelse for metropolitan som er et godt etablert uttrykk internasjonalt, og vi ønsker å tiltrekke oss internasjonale studenter og kollegaer», seier til han til Dagsavisen.
Språkrådet er ikkje nøgd med skrivemåten med stor M. Til det seier han til same avis: «Å henge seg opp i det mener jeg blir litt gammeldags. Mange private bedrifter bruker den samme skrivemåten, og det har blitt helt vanlig å gjøre det. Jeg mener at ikke bare privat sektor skal være innovative og kreative. Det må også offentlig sektor være».
Ved sida av OsloMet står det om Aker universitet og Nova universitet. Det sistnemnde namnet kan stå som eit symbol på augneblinkskulturen til PR-byrå som råder på dette feltet. Sant nok er nova latin for «ny», men på norsk har ordet fått ei meir spesifisert tyding: «Stjerne som brått aukar i lysstyrke og så minkar att».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når staten opererer med tilslørte namn, tilslører dei òg dei opphavlege oppgåvene til staten: samfunnsnyttig arbeid.
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.