Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1742
20170421
1742
20170421

Stendig fleire kulturminneplanar

I år får 57 kommunar midlar frå Riksantikvaren til å laga kulturminneplan. Dermed er tre fjerdedelar av kommunane i landet i gang med – eller har vedteke – å lage ein slik plan, melder Riksantikvaren på nettsidene sine.

«Vi er veldig glade for at så mange kommuner tar aktivt grep for vern og bruk av kulturminner. Vårt mål er at 90 prosent av alle landets kommuner skal ha en kulturminneplan innen 2020. Det målet tror jeg at vi skal nå», seier riksantikvar Jørn Holme i pressemeldinga.

Gjennom prosjektet Kulturminner i kommunen (KIK) får kommunane stønad til å utarbeide ein kulturminneplan, som til slutt blir politisk vedteken. Mange kommunar samarbeider med historielag og andre friviljuge organisasjonar om innhaldet i kulturminneplanen. Med tildelinga i år har meir enn 300 kommunar motteke støtte frå Riksantikvaren sidan 2011.

Fritt Ords Honnør til Kristin Clemet

Fritt Ords Honnør går til Kristin Clemet for den mangeårige innsatsen hennar for ein kunnskapsbasert og sakleg offentleg debatt, og for å gjera tankesmier til ein viktig del av denne debatten, heiter det i pressemeldinga frå Fritt Ord.

Stiftinga legg vekt på at Clemet har lyft fram nye problemstellingar gjennom den liberal-konservative tankesmia Civita, fått nye og unge røyster inn i samfunnsdebatten og vitalisert ideologisk og politisk diskusjon både i og utanfor partia.

Ny plate frå Prince

I dag, fredag 21. april, er det eitt år sidan Prince døydde. Det blir markert med EP-plata Deliverance, med «ny» musikk frå artisten, spelt inn i åra 2006–2008. Tittelsporet er alt tilgjengelig gjennom blant andre iTunes og SoundCloud. Det er den faste studiokompanjongen til legenda, Ian Boxill, som lanserer plata.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis