«Svart viking»
blir TV-serie
Den svarte vikingen av Bergsveinn Birgisson blir TV-serie, med oscar-nominerte Morten Tyldum som regissør og Paramount Pictures som produsent.
Vikings har alt gjort suksess som TV-serie. No kjem serien om den mørke vikingkongen Geirmund Heljarskinn.
TV-SERIE
ronny@dagogtid.no
Nyhendet kom denne veka. Mange av namna kjenner vi frå før. Paramount Pictures er av dei største filmselskapa i verda, det held til i Hollywood i California. Anonymous Content er òg med som produsent. Morten Tyldum er ein norsk filmregissør som er kjend for kinosuksessar som Hodejegerne, Varg Veum – Falne Engler og The Imitation Game.
sakprosa
Mange av Dag og Tids lesarar er kjende med Bergsveinn Birgisson. Birgisson, som er frå Island, men busett i Bergen, er både forfattar og forskar. Han er utdanna som norrønfilolog frå Háskóli Íslands, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen, og han tok doktorgrad ved UiB med ei avhandling om skaldedikting i 2008.
Birgisson har gjeve ut både diktsamlingar og romanar, somme av dei omsette til norsk, som Svar på brev frå Helga frå 2010, utgitt i norsk omsetjing i 2012. Boka vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris og har vore sett opp som teater og vorte filmatisert.
Den svarte vikingen er ingen roman, men ei sakprosabok. Det er slett ikkje vanleg at ei sakprosabok blir materiale for ein spenningsserie på fjernsynet. Men så er det ikkje tale om tørr sakprosa. Birgisson held seg ikkje berre til faget og fagspråket, men dyrkar fiksjonen og det skjønnlitterære.
Ein mørkhuda viking
Den svarte vikingen fortel historia som ein heilt særeigen kongsson, Geirmund Heljarskinn, som kom frå Avaldsnes i Rogaland. Han hadde mørk hud og mongolske andletsdrag, som tyder på asiatisk opphav. Denne «svarte vikingen» kom til å bli den mektigaste landnåmsmannen på Island, mellom anna hadde han hand om ein internasjonal fangstøkonomi på øya, og han hadde hundrevis av kristne trælar frå Skottland og Irland under seg.
Birgisson baserer seg på gamle fragment, moderne genetikk og informasjon henta på reiser til fjerne strok i arbeidet med sakprosaboka.
gode bokkritikkar
Boka fekk svært gode kritikkar. «Et mesterstykke» var tittelen på meldinga i Aftenposten. Bok vart nominert i klassen sakprosa i 2013. «Spektakulær historieskriving med høgst ryddige og perspektivrike spekulasjonar» og ei bok med «meir spenning enn ei tylft kriminalromanar», skreiv meldar Sverre Tusvik i Dag og Tid.
Interessa for Den svarte vikingen som TV-serie kjem ikkje ut av lause lufta. Serien Vikings, som har gått på fjernsyn sidan 2013, om vikinghelten Ragnar Lodbrok og venene og uvenene hans, har nok vore viktig.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.