Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norsk kulturarv på sitt beste: stabbur ved Hallingdal museum.

Foto: Arve Kjersheim

2465
20180119
2465
20180119

«Typisk norsk – ikke bare norsk»

EU har vedteke å gjennomføre eit europeisk kulturarvår i 2018. Dette blir markert i Noreg og resten av Europa med mål om at flest mogeleg skal utforske, verdsetja og reflektere over ein rik og mangfaldig europeisk kulturarv. I Noreg har Riksantikvaren, Nasjonalbiblioteket, Kulturrådet, Arkivverket og Kulturvernforbundet gått saman om å markere det europeiske kulturarvåret, skriv Riksantikvaren på nettsidene sine.

Kulturpåverknad og europeiske impulsar er tema for dei norske markeringane, med slagordet «Typisk norsk – ikke bare norsk». Det vil bli lagt vekt på at kulturarv i Noreg er resultatet av gjensidig og kontinuerleg påverknad, kunnskap og impulsar frå andre kulturar.

Ny teikning av van Gogh oppdaga

Ei hittil ukjend teikning av Vincent van Gogh frå våren 1886 er oppdaga. Slike funn er sjeldsynte. Dette seier ein representant for Van Gogh-museet i Amsterdam til den nederlandske avisa Volkskrant: «Sidan katalogen over samla verk vart lansert i 1970, er det berre vorte tilført seksten nye verk av van Gogh».

I 2013 undersøkte kunsthistorikar Fred Leeman eit nyinnkjøpt bilete hjå eit ektepar som samla på impresjonistisk kunst. Teikninga minte om van Goghs strek. Det var tale om ei teikning av høgdedraget Montmartre i Paris. Etter detektivarbeid fann han ut at det måtte dreie seg som ei teikning van Gogh laga våren 1886, som sidan vart seld i England, og deretter hamna hjå ein nederlendar, før det «hamna under radaren». Også i 2013 var det stilt, for eigaren ville ikkje gå ut med nyhendet. Men no blir funnet lansert, for teikninga skal stillast ut på kunstmuseet Singer i den nederlandske landsbyen Laren.

Joggesko som billett

I år fyller joggeskoen nitti år. Trafikkselskapet i Berlin vil gjera ære på skoen, og det gjer dei på ein original måte. Saman med Adidas produserer dei eit avgrensa opplag på 500 eksemplar av joggeskoen. Denne skoen kan du kjøpe og bruke som billett i kollektivtrafikken. Skoen blir då eit alternativ til det vanlege chipkortet som gjeld i kollektivtrafikken i den tyske hovudstaden.

Korleis er det mogeleg? I skoen er det plassert ein chip til automatane ved tyske bussar og T-banar. Eit par sko kostar 180 euro, medan eit årsabonnement er på heile 760 euro. Så det er eit godt kjøp. Men det følgjer eit vilkår med kjøpet: Du må ha skorne på deg når du reiser. Du reklamerer i tillegg for kollektivtrafikken, for skorne er i fargane til Berlins kollektivtrafikk.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis