Språket og kulturen vi gløymde
Tysk er sterkt etterspurt i norsk kultur- og næringsliv. Men ved norske høgskular og universitet er tysk ikkje eit prioritert fag.
Behovet for tysklærarar vil verte større i framtida. Likevel vert ikkje tysk prioritert ved norske høgskular og universitet.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB Scanpix
Tysk i skulen
Tal frå Utdanningsdirektoratet syner at stadig fleire elevar trass alt tek tysk. Men spansk er enno meir populært.
Talet på åttandeklassingar som tek tysk, steig frå 26 til 33 prosent frå 2010 til 2016.
Tala for vidaregåande skule viser at 27.700 elevar valde tysk og 30.500 spansk for skuleåret 2016–17.

Tyskfaget
ronny@dagogtid.no
Tyskland er på alles lepper. Det har nettopp vore val der. Månaden vi no går inn i, oktober, tyder ikkje berre oktoberfest, men òg feiring av Martin Luther. Det er 500 år sidan Luther spikra tesane sine mot avlaten på ei kyrkjedør i Wittenberg, og gav startskotet til reformasjonen. I denne samanhengen er det naturleg å spørja: Korleis står det til med tyskkunnskapane våre?
Svaret er heller dårleg. I innspurten til det tyske valet melde P4 at «nazistar» kan koma inn på Forbundsdagen. Dersom det verkeleg var tale om nasjonalsosialistar, hadde ordet «nynazist» vore meir presist. På sjølve valdagen vart Søndagsrevyen på NRK krydra med innslag om tysk humor og amerikanske Hollywood-stjerner som hadde vore på vitjing hjå forbundskanslar Angela Merkel.
Kontrasten kunne ikkje vore større samanlikna med for eit par tiår sidan. På den tida tala jamvel norske sportsjournalistar tysk.
Korleis er det mogeleg? Kunnskapane i tysk – både språk og kultur – har vore i forfall. Tysk er mindre populært enn spansk som framandspråk i den norske skulen og ved norske universitet. Berre 1,5 prosent av norske studentar vel å studere i Tyskland.
Samtidig har etterspørselen etter tysk i norske bedrifter auka jamt og trutt. Eg vil gje historia eit konkret grunnlag, og går personleg til verks.
Eg tok tysk valfag i skulen på slutten av 90-talet. Spansk fanst ikkje. Kvifor tysk? Stikkorda er TV-serien Derrick og tyske turistar på hurtigruta. Det sistnemnde tydde ein rask veg til sumarjobb på det lokale turistkontoret.
Så tok eg til på gymnaset: Tysklæraren ved Brønnøy vidaregåande skule var ein svensk filolog av den gamle sorten; no var det ikkje tale om populærkultur eller hurtigruta lenger. Like mykje som utdanning handla det om danning. Ho presenterte oss for europeisk kultursoge, som Goethe og Schiller. Då ho spela opptaket av Goethe-diktet «Erlkönig», sat vi trollbunde. Men ho serverte òg viktig etterkrigshistorie: Den berlinske kunstnaren Käthe Kollwitz; ulike vitnemål om sterke norsk-tyske samband – gjennom politikaren Willy Brandt.
Då eg i andre halvdelen av 90-åra reiste til Universitetet i Oslo for å studera tysk, hamna eg i eit stimulerande miljø som forsterka interessa for språket: Det var heile fem tilsette som hadde tysk litteratur som ekspertiseområde, mellom anna den kjende diktaren og Goethe-omsetjaren Åse Marie Nesse.
Korleis er det i dag? Germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo er lagt ned. Det er berre éin tilsett tilknytt tysk litteratur. Språkfaget som har hatt vind i segla dei siste åra, er spansk – eit «feriespråk», vil vonde tunger kalla målet.
Samtidig opplever eg å få skuleelevar på døra; dei vil ha tomflasker til panting. Målet er å spara pengar til ei klassereise til Auschwitz. Eg vågar ikkje spørja dei om Goethe eller Kollwitz. Svaret veit eg alt.
Europa etter Brexit
Uavhengig av synet på Tyskland som heimlandet til sivilisasjon eller til barbari, står tysk støtt i det norske næringslivet. Bortsett frå engelsk er tysk enno det framandspråket norske bedrifter har størst behov for.
Det er kring 100 millionar tysktalande i Europa. Tyskland har Europas klart største økonomi. Tyskland er den viktigaste partnaren til Noreg både politisk og økonomisk, og Tyskland er Noregs nest største eksportmarknad. Nesten 30 prosent av norsk gasseksport går til Tyskland. Andre vegen er handelskontakten òg stor: Kvar tredje bil på norske vegar er tysk.
Ifylgje spådomar knytte til Brexit skal den tyske dominansen bli endå større. Det tyder at etterspørselen etter tysk vil stige.
Er utdanningstilboda i skulestellet klar for denne auken? Vi går fyrst lengre attende i tid. I 70-åra dominerte tysk totalt mellom dei av elevane som valde framandspråk i norsk skule. Fransk vart fyrst synleg på statistikken utover i 80-åra, medan spansk fyrst dukka opp på 00-talet. Og populariteten til det «nye» auka snøgt: På stutt tid valde over 30 prosent spansk.
Heller polsk enn spansk
Så attende til spørsmålet mitt. Korleis er det så med etterspørselen etter framandspråk i næringslivet? I 2014 kom det fram av ei undersøking at sju av ti spanskelevar på ungdomsskulen trudde at dei ville få bruk for spansk i jobbsamanheng.
Same år gjorde NHO ei undersøking som viste kva språk det reelt var behov for i norske bedrifter. 5300 bedrifter deltok i undersøkinga. Tala i det såkalla kompetansebarometeret til NHO var nådelause: Berre om lag fire prosent av bedriftene uttrykte behov for spansk, og det gjaldt fyrst og fremst i fiskerinæringa. Portugisisk vart nemnd i same andedrag. Overraskande nok var det større etterspørsel etter polsk – det kjem av interne tilhøve: kommunikasjon mellom nordmenn og polske medarbeidarar i norske bedrifter.
Språka som trona statistikken, var engelsk og tysk. Engelsk er enno viktigast: 44 prosent av bedriftene melde behov for engelsk, medan talet for tysk var 14 prosent. Behovet er størst i turistnæringa.
Spørsmålet er om prosenttalet på tysk reelt sett er større. Norske eksportbedrifter forventar ikkje at tilsette kan tysk, endå om dei handlar med Tyskland. Samtidig fortel fleire av bedriftene at dei har fornærma kundar eller mist kontraktar som fylgje av skort på kultur- og språkkunnskap. Åtti prosent av bedriftene i Midt-Noreg seier dei ikkje tilbyd tilsette opplæring eller informasjon om tysk kultur før viktige møte eller reiser. Det kjem fram av ei mastergradsoppgåve Nina Lødøe leverte inn til NTNU i år.
Eit ideologisk skifte
Det er nemleg den kulturelle danninga det handlar om. Di fleire lag vi skrellar av norsk kultur, di tydelegare kjem det fram kor tyske vi eigenleg er i hug og hått.
Språket vårt, jamvel nynorsken med skrekk for «an-be-het-else-ord», er fullt av lågtyske ord. Til dømes «betala», «handel», «arbeid», «snakke». Engelskpåverknaden i dag er ein bagatell jamført med den skandinaviske etterapinga av «kule» hanseatar i seinmellomalderen. Om lag 30 og 40 prosent av det norske ordtilfanget i dag er henta frå nedertysk, altså lågtysk.
I tillegg kjem direkte omsetjingar av uttrykk; «bite tennene saman» og «ulv i saueham», er importerte frå Martin Luthers bibelomsetjing. Ja, jamvel det vi oppfattar som heilnorsk, Jotunheimen, har eit tysk førelegg: Namnet er ei direkte omsetjing av «Riesengebirge» i Böhmen, eit område som i mange hundreår var ein del av Det tysk-romerske riket, og som i dag høyrer til Tsjekkia.
På eitt tidspunkt var nesten ein tredjedel av undersåttane under kongen av Danmark-Noreg tyskspråklege. Tyskland var fyrsteval for norske kunstnarar og intellektuelle gjennom hundreåra: J. C. Dahl var professor ved kunstakademiet i Dresden. Henrik Ibsen budde 23 år i Tyskland.
Kvifor så denne store snunaden bort frå Tyskland? Krigen forklårar mykje, men ikkje det faktum at tysk vart verande fyrstevalet for norske elevar og studentar lenge etter krigen.
Tysklandsven og tidlegare leiar av Fritt Ord, Erik Rudeng, uttrykte det slik i fjor til Minerva: «På 70-tallet fikk vi en stigende interesse for den tredje verden. Den fikk et gjennombrudd på 80-tallet og som har fortsatt til i dag. Idealismen var ikke lenger knyttet til Europa, men til Afrika og Sør-Amerika. Selve bildet på dette har vært Jan Egeland, som snakket med en meget stor moralsk kraft til unge mennesker. Tyskland og EU virket ikke som et idealistisk foretagende, og det europeiske fredsprosjektet ble langt på vei tatt for gitt.»
Difor kom spansk inn som eit alternativ. Ikkje berre som feriespråk, men som språket til gateborn i Latin-Amerika. Og difor fekk vi eit nytt, forseinka oppgjer med Nazi-Tyskland – denne gongen i ei metafysisk form. Det tyske «språket inngikk som del av et system som tok livet av seks millioner jøder», heitte det i ein artikkel for ein del år sidan i ei norsk avis. Nedgangen til tyskfaget oppstod ikkje i eit vakuum, og har såleis samanheng med eit større politisk og ideologisk skifte i norsk kultur.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I 70-åra dominerte tysk totalt mellom dei av
elevane som valde framandspråk i norsk skule
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.