Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Tysklands eldste bibliotek

LEIPZIG: Leivningar frå romartida er det mange av i Köln. Men dei som kom for dagen i fjor, har no synt seg å vera eineståande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bygningen som no er identifisert som bibliotek, er 20 meter lang og 9 meter brei. I tillegg har han eit 8 meter langt og 3,5 meter breitt anneks, som me ser til høgre i biletet.

Foto: Römisch-Germanisches Museum, Köln

6676
20180810
6676
20180810

Tyskland

sjurhabring@gmail.com

Dei er daterte til mellom 150 og 200 e.Kr., restane av bygget som arkeologar i fjor grov fram i Kölns travlaste handlestrøk. No har dei synt seg å tilhøyra det eldste kjende biblioteket i dagens Tyskland. «Eit spektakulært funn», kallar arkeologen Dirk Schmitz det. Han er tilsett ved Römisch-Germanisches Museum i Köln og har leia utgravingane.

– Korleis fann de bygget?

– Det var i samband med at ei protestantisk kyrkje byggjer nytt kyrkjelydshus på denne staden. At me fann noko, var inga stor overrasking, for her låg byens 40 mål store torg, det romerske forum, seier Schmitz.

Frå «Colonia» til «Köln»

Köln blei grunnlagd kring Kristi fødsel under keisar Augustus som ei busetjing for både romarar og romarvenlege germanarar. Her, ved vestre breidd av Rhinen, blei det reist eit altar der dei germanske stammane som romarane hadde sigra over, måtte sverja truskap til keisaren. Augustus ynskte å utvida Romarriket mot nord og aust over Rhinen og skapa ein storgermansk provins der Köln skulle vera politisk og religiøst sentrum. Men det blei med ynsket, for under slaget ved Teutoburgerskogen nordaust for Köln i 9 e.Kr. utsletta germanarane heile tre romerske legionar og sette ein stoppar for ekspansjonen. Köln blei verande ein grenseby der statthaldaren i provinsen med namnet Germania Inferior («Nedre Germania») heldt til.

Under keisar Claudius i 50 e.Kr. blei så byen opphøgd til koloni og borgarane fekk fulle romerske borgarrettar. Namnet på kolonien var Colonia Claudia Ara Agrippiniensium, og det er ordet «Colonia» som seinare er blitt til «Köln». Då biblioteket blei reist i andre helvta av 100-talet e.Kr., var provinshovudstaden på sitt prektigaste – med opptil 35.000 innbyggjarar var han ein storby i antikk samanheng.

Nisjefunn

– Du hevdar altså å ha funne landets fyrste bibliotek. Men det er ikkje stort att av det. På kva grunnlag kan de arkeologar vera så sikre?

– På grunnlag av samanlikningar. Grunnplanet til den rektangulære bygningen er imponerande i omfang, 20 meter langt og 9 meter breitt, i tillegg til eit 8 meter langt og 3,5 meter breitt anneks. Fundamentet er uvanleg solid, 2 meter breitt og støypt i romersk betong, såkalla opus caementicium, der det er blanda inn stykke av basalt, som er ein mørk, finkorna lavabergart. Det at fundamentet er så massivt, tyder på at me har med eit offentleg bygg å gjera. I tillegg kjem funnstaden, det romerske forumet, som jo var der borgarane møttest, fortel Schmitz.

– Men det avgjerande provet på at det dreier seg om eit bibliotek, fann me i restane av veggene over fundamentet, altså det som i antikken raga over bakkenivået. På innsida av veggene, som er av den porøse bergarten tuff, er der nemleg ein serie av nisjar, som er 1,8 meter breie og kring 80 centimeter djupe. Fyrst visste me ingen ting om funksjonen desse nisjane kunne ha hatt, difor gjekk me i gang med å leita etter parallellar i andre delar av Romarriket. Me såg etter bygg som hadde same grunnplan og nisjesystem, og det var slik me kom på sporet av at det måtte dreia seg om eit bibliotek.

Særleg likskap fann Schmitz og kollegaane hans i det såkalla Celsus-biblioteket i Efesos på vestkysten av Vesleasia, seier Schmitz.

– Dette stammar frå om lag same tida, har same grunnplan, er berre minimalt større og har same typen innvendige nisjar. Ein annan parallell er annekset midt på langsida av bygga. Medan det ein ser i Efesos, er halvsirkelforma – det bli kalla apsis – er annekset her i Köln firkanta. Kva annekset tente til, veit me ikkje. Men på grunnlag av litterære kjelder om antikke bibliotek er det grunn til å tru at det hyste ein statue av den romerske visdomsgudinna Minerva.

Frå tavle til rull

I nisjane var det truleg skap med bokrullar, kan henda så mange som 20.000, meiner Schmitz. Bokrullane, som vanlegvis var laga av papyrus, var bøker frå antikken. Skrivarane kladda vanlegvis på små tretavler dekte med eit vokslag som dei rissa i med ein stylus, ein skrivepinn. Voksen kunne dei glatta ut etterpå og slik nytta tavla på nytt. Bøkene blei så skrivne med blekk på papyrusrullar som ein lagra i bokbøtter, og ut av enden på rullen hang ein raud lapp som opplyste om innhaldet i han.

Kring 800 skriftliner fekk plass på éin rull. Det er grunnen til at kvar av bøkene til diktarar som Homer, Vergil og Ovid inneheld om lag 800 liner. Til dømes er Metamorfosane, Ovids best kjende verk, sett saman av 15 bøker, altså 15 bokrullar.

Éin stor sal

– Blei det altså bygt så einskapleg over heile Romarriket at ein kan trekkja slutningar ved å samanlikna eit bygg i dagens Tyskland med eit i dagens Tyrkia?

– Detaljar kunne vera individuelle. Men slike systematisk organiserte veggnisjar finst det ikkje i andre bygningar som stod på antikke forum, til dømes i dei romerske forsamlings- og rettslokala me kallar basilikaar.

– Korleis kan me førestilla oss at dette biblioteket såg ut i romartida?

– Det er det sjølvsagt vanskeleg å seia noko sikkert om. Men sidan fundamenta er så kraftige, vil eg tru at bygget var temmeleg høgt. Takesteinane var av tegl; dei har me funne restar av. Men det finst ikkje spor etter søyler på innsida. Hadde me funne slike, ville det tydd på at rommet var delt i fleire etasjar. Difor trur me at det må ha vore forma som éin stor sal, for – ulikt biblioteket i Efesos – det er heller ikkje spor av eit trappehus her. Men langsgåande galleri på innsida kan det ha vore, slik at ein fekk tilgang til bokrullar i nisjar langt oppe på veggene.

20 parkeringsplassar

– Kor lenge var biblioteket i bruk?

– Det veit me førebels ikkje. Analysar me har gjort av kulturlaga, altså jordsjikta som gjev oss informasjon om menneskeleg verksemd gjennom tidene, vitnar om kontinuerleg aktivitet på denne staden heilt fram til kring 450 e.Kr. Dette er lenger enn i andre delar av Köln. Men så er det brått slutt; ikkje før på 1000- eller 1100-talet finst det atter spor av menneskeleg verksemd.

– Kva hender med Tysklands eldste bibliotek no? Får de stoppa den protestantiske kyrkjelyden, slik at dei av oss som vitjar Köln i framtida, får sjå bygget?

– Det nye kyrkjelydshuset på staden blir bygt. Men dei har endra byggjeplanane slik at brorparten av dei romerske ruinane blir tilgjengelege i det underjordiske parkeringshuset i bygningen. For å få til dette har kyrkjelyden ofra 20 parkeringsplassar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det avgjerande provet på at det er eit bibliotek, er nisjane på innsida av veggene, som inneheldt bokrullar.

Dirk Schmitz, arkeolog ved
Römisch-Germanisches Museum

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis