Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det finst berre ei finsk UFO-hytte i Noreg.

Foto: Harald Ibenholt / Riksantikvaren

1555
20180309
1555
20180309

UFO-hytta

I år er det 50 år sidan det såkalla Futuro-huset vart sett i produksjon. I Noreg finst det framleis eit eksemplar av dette huset, som representerer noko av det mest underlege arkitekturen har bore fram. I dag er Futuro-husa kultobjektet, melder Riksantikvaren på sidene sine.

Vandrar du i landskapet kring idylliske Nevlunghavn i Larvik kommune, kan du brått støyte på ein snål «farkost» ved ein stikkveg. Det liknar på ein UFO som har landa for eit par tiår sidan, men som ingen enno har oppdaga. Futuro-huset er frå Finland. Det ser ut som noko frå finsk fjernsynsteater, men det er eit ferdighus designa for industriell masseproduksjon og for montasje kvar som helst. Arkitekt er Matti Suuronen. Kva det skulle brukast til? Det var Suuronens svar på korleis framtidas hytte burde sjå ut.

Kaizers plass på Bryne

Bandet Kaizers Orchestra har gjort suksess i heile Noreg, og i utlandet. Frontfigur Janove Ottesen og gitarist Terje Winterstø Røthing har vorte profetar i eige land, iallfall om vi skal døme etter eit initiativ i Time kommune. For no er Kaizers plass opna i Bryne sentrum. Det er fyrste gong i noregssoga at levande artistar blir heidra med eit torg. Men det er ikkje semje i Bryne om valet. Namnestriden kløyvde kommunestyret i Time, mange politikarar ville heller kalle torget opp etter den historiske omgjevnaden og kalle det Møllerplassen. Men tilhengjarar av bandet vann med éi røysts overvekt. Språkrådet var òg inne i biletet. Dei seier at stader ikkje bør kallast opp etter personar som framleis lever.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis