Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Utdanning på ville vegar

– Elitetenking innan høgskulane har gått for langt. Det kan gå ut over det norske velferdssamfunnet, seier Clas Jostein Claussen, førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Ronny Spaans

Foto: Ronny Spaans

6150
20180112
6150
20180112

UTDANNING

ronny@dagogtid.no

– Studentane treng hjelp og inspirasjon, ikkje førelesningar på engelsk av utanlandsk stjerneforskar, seier Clas Jostein Claussen.

Claussen er fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA), eller OsloMet, som høgskulestyret har vedteke at institusjonen skal heite. Han er tilknytt institutt for barnehagelærarutdanning, men han har òg undervist lærarar til grunnskulen og sosionomar. Det har han gjort snart ein mannsalder, han kjenner behova og utfordringane til studentane godt.

– Studentar som kjem til oss beinveges frå vidaregåande skule, byd på store utfordringar. Sjølvsagt finst det flinke studentar, men også er svake. Det er knytt alvorlege utfordringar til undervisningssituasjonen deira.

utanlandsk vaktmeister

Frå plassen sin «på golvet» ser Claussen med skepsis på dei nye tonane frå styremaktene. Claussen har ytra kritikk denne veka i ein kronikk til nettavisa for høgare utdanning, Khrono, men han utdjupar poenga sine i Dag og Tid, for dette er stoff som vedkjem heile samfunnet, seier han.

I eit notat som har vekt oppsikt i media, skriv rektor Curt Rice at alle nye vitskaplege stillingar som skal lysast ut, skal ha krav om fyrstekompetanse. Det tyder enkelt fortalt kompetanse på doktorgradsnivå. Om ein vil tilsetja folk med annan kompetanse, «må det søkes skriftlig om unntak fra dekan eller senterleder».

Vidare heiter det at alle undervisnings- og forskarstillingar skal lysast ut internasjonalt, utan at det blir stilt krav om norsk eller skandinavisk språk i tilsetjingstidspunktet. Norsk skal dei lære seg innan tre år. «Også for teknisk/administrative stillinger bør internasjonal utlysning vurderes.»

Desse krava er ikkje unike for høgskulen i Oslo. Noreg går igjennom ein prosess med akademisering av høgskulane. Mange høgskular som hadde profesjonsutdanning som hovudmål, altså utdanning av lærarar, sjukepleiarar og sosialarbeidarar, vil no bli universitet. NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, vurderer kva høgskule som kan titulere seg som universitet. Dei krev at 70 prosent av fagstillingane må vera fylte med folk med fyrstekompetanse.

Samtidig har det samanheng med det nye lærarlyftet som Kunnskapsdepartementet har sett i gang. I haust innførte regjeringa femårig mastergradsutdanning for alle grunnskulelærarar. For å utdanne ein mastergradstudent trengst det også lærarar med høgare kompetanse, altså fyrstekompetanse.

HIOA fylgjer altså retningsliner ovanfrå. Men likevel? Curt Rice vil at alle nye vitskaplege stillingar skal ha krav om fyrstekompetanse, og at jamvel tekniske stillingar, vaktmeisterstillingar og så bortetter skal utlysast internasjonalt.

Den norske modellen

– Det er urovekkjande. Rice synest har dårleg kontakt med røyndomen i det norske samfunnet. Det er alvorleg, fordi denne politikken vil skyggje for erfaring som samfunnet treng. I staden for å tilsetja personar med røynsle frå det norske samfunnslivet, om det er næringsliv eller ideelle organisasjonar, skal vi altså hente inn internasjonale forskarar som kanskje har lita røynsle med klientarbeid, seier Claussen.

Han tenkjer ikkje berre på skorten på engelskkunnskapar hjå norske studentar. Studentar er ikkje glade i engelsk pensum, og dei føretrekkjer ofte norske framfor engelske førelesingar, fortel han. Men han tenkjer òg på termar og omgrep som er viktige i det praktiske livet:

– England og USA har velferdssystem som er ulike det norske. Der har til dømes barneomsorg heilt andre referansar. Slike referansar har ingen direkte overføringsverdi til den norske velferdsmodellen. Difor er det også behov for publisering på norsk: Omgrepsapparatet må utviklast vidare i samsvar med den norske røyndomen.

– Men vil ikkje akademisering og internasjonalisering på sikt føre til eit betre nivå, og handlar det ikkje om at HiOA skal bli eit universitet?

– Ein kan kalle utdanningsinstitusjonane vår kva ein vil, høgskule eller universitet. Det viktige her er å halde høg kvalitet på profesjonsutdanningane. Ein har eit alt for einsidig syn på kompetanse: Di fleire internasjonale professorar, di meir internasjonal publisering, di betre utdanning. Det blir presentert som ei naturlov. Det fungerer på eit akademisk toppuniversitet, men ikkje på ein institusjon som utdannar sjukepleiarar og lærarar, der studentane har heilt andre behov. Eg tenkjer særleg på utfordringane vi har med svake studentar frå vidaregåande skule.

Yrke i framtida

I den samanhengen reagerer Claussen òg på ressursbruken:

– Vi opplever at undervisninga blir nedprioritert: Ho går føre seg i større auditorium, i staden for mindre seminarrom som vil gagne studentane. Praksistida blir òg skoren ned på. Men er det tale om fremjing av universitetsstatusen og akademisk elite, finst det ingen bremsekloss. Universitetet er vorte målet, det er ikkje middelet lenger. Målet bør vera å utdanne gode profesjonsutøvarar.

Utviklinga er særleg urovekkjande med tanke på det store kullet unge menneske som skal bli lærarar, sjukepleiarar og barnehagelærarar, fortel Claussen.

Rapporten «Nye jobber i Norge foran den digitale revolusjonen», som var laga til NHOs årskonferanse denne veka, peikar på dei viktigaste jobbane i 20 år fram i tid: Vi treng 29 000 barnehage- og skuleassistentar, 28.000 grunnskule- og førskulelærarar og 18.000 pleiemedarbeidarar.

– Politikarane har skjøna dette i forhold til krav om karakter fire i matematikk for lærarutdanning, og ikkje minst tre for sjukepleiarutdanninga. Kor viktig er dette ikkje i høve til medikamentrekning! Det finst sjukehus som har måtta gje grunnopplæring til sjukepleiarar fordi dei ikkje var dugande. Men politikarane har ikkje skjøna dette i høve til høgskule- og universitetspolitikken. No må det skje ei endring. Taparen på kan bli den norske velferdsmodellen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Universitetet er vorte målet, det er ikkje middelet lenger. Målet bør vera å utdanne gode profesjonsutøvarar».

Clas Jostein Claussen,
fyrsteamanuensis ved HiOA

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis