Vinje fyller 200 år
6. april er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Det blir fest og feiring i heile Noreg gjennom heile året.
Aasmund Olavsson Vinje vert feira i år.
Foto: NTB scanpix
Litteratur
ronny@dagogtid.no
Aasmund Olavsson Vinje er kjend for oss alle. Han var den fyrste etter Ivar Aasen som tok landsmålet aktivt i bruk, og den fyrste fulltidsprosaforfattaren på nynorsk, og ikkje minst var han nybrotsmann som journalist, særleg gjennom Dølen.
Torsdag denne veka vart programmet for Vinje-jubileet presentert på Det Norske Teatret. Vinje kommune, saman med Vinje-senteret, rulla fram ei allsidig liste over tilstellingar. På hovudmarkeringa, åremålshelga er 6.–8. april, går eit journalist- og diktarseminar om jubilanten av stabelen i Vinje, det blir festframsyning på laurdagen og gudsteneste dagen etter.
På staden der Vinje døydde, og der han ligg gravlagd, Gran i Hadeland, blir det òg mange tilstellingar: «A.O. Vinje – til inspirasjon for alle!» 14. mars, «Aasmund Olavsson Vinje på nært hold» 8. april og «Minnestund 200 år etter A.O. Vinjes fødsel» 17. mai.
Konserten «Ferda-Vinje» blir sett opp på kulturhus i nord og sør, aust og vest i landet. Det blir pilegrimsvandring for Vinje i juni. Sjølvsagt kjem Dei nynorske festspela til å ha ekstra fokus på jubilanten same månad i Ørsta.
Vinje skapte namnet «Jotunheimen». Difor blir det dobbeltfest for fjellvandraren og Den norske Turistforening 30. juli på Fondsbu Turisthytte. Helga før, 19.–22. juli, er det Vinje-rock, ein rockefestival arrangert av Eidsbugarden i Jotunheimen, 1060 meter over havet. Gjett kven som står i sentrum i år?
10.–12. august, går Telemarkfestivalen av stabelen i Bø, med eit eige Vinjeprogram. Same månad er Litteraturdagane i Vinje, sjølvsagt med telemarksskalden i sentrum. Det kjem òg til å bli Vinje-innslag på Ulvik poesifestival fyrste helga av september.
Hovudstaden heidrar Vinje med gilde tilstellingar. Det er Vinje-helg i Oslo 26.–28. oktober. Det Norske Teatret set opp ein festaftan for Vinje, og det blir spesialmeny på Kaffistova – kanskje lokkar dei med fysnemat som «Grauten paa Grut»? I Oslo blir ei utstilling om Vinje og norsk pressesoge sett opp på Nasjonalbiblioteket.
På tampen av året, 29.–30. november, held Høgskolen i Sørøst-Norge, studiestad Bø, jubileumskonferanse om diktaren og kulturpersonlegdomen.
Vi skal òg nemne utgjevingar av diktaren: Ottar Grepstad har alt gjeve ut Vinje-bibliografien. Det kjem ei tekstkritisk utgåve av Vinjes Korrespondentbrev til Drammens Tidende 1851–1859 på Det norske språk- og litteraturselskap.
Vidare blir det dokketeatret «Blåmann», føredrag ved Olav Vesaas og Ottar Grepstad, og ikkje minst song av Vinjes dikt framførte av namnebrørne til fjellskalden, Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.