JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Å disponera tida

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aleksandr Grisjtsjuk er ein moderne tidsnaudsnarkoman.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

2166
20180302
2166
20180302

Om ein skal summera opp sjakkhistoria på 1-2-3, kan ein seia at 1800-talet var kunsten, 1900-talet var vitskapen og 2000-talet er sporten. Med Magnus Carlsen i vår tid har dei beste byrja tala om «å disponera tida» – eller «time management» på engelsk – som ein avgjerande faktor.

Å tenkja for lenge er ikkje bra. På den eine sida har hjerneforsking som måler synsfeltet, funne ut at stormeistrar i over 90 prosent av alle tilhøve endar med å flytta den brikka dei fyrst ser på. Så intuisjonen er viktigast, og for Carlsen er det ofte eit dårleg teikn når han ikkje lit på intuisjonen og byrjar tenkja.

Den einaste i verdseliten som ikkje kan disponera tida, er den kjederøykjande russaren Aleksandr Grisjtsjuk. Han har sjakktalent nok til å spela ein VM-kamp, seier Carlsen og Kasparov, men han er ikkje nokon sportsmann og vert difor ikkje rekna som ein av favorittane i VM-kvalifiseringa som byrjar 10. mars.

I gode gamle dagar var det mange bohemar og djupe tenkjarar som Grisjtsjuk. Før sjakklokka kom i 1883, var tida ikkje noko stort problem – om ein ser vekk frå at spelarane sovna ved brettet når motstandaren kunne tenkja eit par timar på eitt trekk.

På 1900-talet var tenkjetida gjerne 2,5 time på 40 trekk. Stormeister Wolfgang Uhlmann frå Aust-Tyskland var særs dårleg til å disponera tida. Under ei eliteturnering i Moskva i 1978 sat han og tenkte over det neste trekket. Stormeister Aivars Gipslis frå Latvia var nett ferdig med partiet sitt og kasta eit blikk på dei andre partia før han drog på opera for å høyra Barberaren i Sevilla. Men Gipslis var ikkje nøgd med framsyninga og gjekk etter fyrste akt. Då han kom attende til spelelokalet, sat Uhlmann framleis og tenkte på det same trekket. Det tok 1 time og 40 minuttar før han til slutt flytta ei brikke. Seinare i turneringa slo han denne rekorden då han mot den tidlegare verdsmeisteren Mikhail Tal tenkte i 1 time og 50 minutt på eitt trekk.

Men òg denne historia bleiknar mot den tyske stormeisteren Friedrich Sämisch som 73 år gamal spela to turneringar på til saman 28 parti. Han tapte alle dei 28 partia… på tid.

ATLE GRØNN

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis