JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Eddica minora

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2352
20170421
2352
20170421

Kva er skilnaden mellom eddadikt og annan norrøn poesi? Det stutte svaret er at det ikkje er noka skarp grense mellom dei. Til dømes finst det nokre svært «eddiske» dikt som likevel ikkje vert rekna som eddadikt. I mange av dei såkalla fornaldarsogene, som for det meste er oppdikta historier om nordiske og germanske heltar, finn me dikt og diktbrot som både i form og innhald liknar heltedikta i Den eldre Edda. Det er tale om drygt 800 strofer til saman, og i 1903 vart nokre av dei samla og utgjevne i ei bok med tittelen Eddica minora. Tittelen seier mykje om korleis desse dikta har vorte oppfatta: Dei er «den mindre» eller «ringare» Edda.

Rangordninga av norrøne dikt botnar dels i sjølve tekstene, dels i måten dei er overleverte på. Stilen og versbygnaden i eddadikta har mykje sams med dikt frå andre germanske område, men innhaldet merkjer seg ut. Gudedikta i manuskriptet Codex Regius av Den eldre Edda – og liknande dikt i eit par andre manuskript (t.d. Balders draumar) – er dei einaste kjende poetiske verka som tek føre seg den gamle nordiske gudeverda. Heltedikta i manuskriptet fortel om heltar som ofte er kjende frå andre germanske kjelder, men livet deira er sjeldan skildra så noggrant som i Den eldre Edda. Det er ikkje rart at dikta har stått i ei særstilling heilt sidan dei vart «oppdaga» på 1600-talet.

Medan størsteparten av eddadikta er samla og nøye ordna i eitt manuskript, er dikta i «Den ringare Edda» innskotne i om lag tjue ulike fornaldarsoger. Fornaldarsogene er fyrst og fremst underhaldningslitteratur, og det tok lang tid før forskarane tok til å granska dei litterært – noko som òg har råka poesien i sogene. Margaret Clunies Ross er mellom dei som har sett nøgnare på dikta: I artikkelen «The Eddica minora: A Lesser Poetic Edda?» (2013) jamfører ho dei med heltedikta i Den eldre Edda, og ho slår fast at likskapane er mykje større enn skilnadene. For visse skilnader er det; til dømes støyter heltane i Eddica minora i større grad saman med overnaturlege vesen, og dikta i fornaldarsogene inneheld fleire lange monologar, gjerne av typen «mannleg helt (med banesår) ser tilbake og minnest dådane sine». Me kan såleis seia at eddadikta har sine særdrag, men me kan snautt kalla dei eit heilt eige diktslag.

Kristin Fridtun

Våren 2017 skriv Fridtun om eddadikt.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis