JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ein annan dans

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2364
20210709
2364
20210709

«Ein får fylgja ein annan til ein vert sin eigen», seier ordtaket. Skal tru kva som hender om me fotfylgjer annan? Nokre kjem nok til å stussa over korleis nye ordbøker handsamar desse to orda. To, ja: Det er vanleg å skilja mellom annan i tydinga ‘ikkje den same, ulik; den eine av fleire; medmenneske’ (t.d. «på den andre sida») og annan i tydinga ‘som er nummer to’ (t.d. «gå i andre klasse»).

Før vart det fyrstnemnde annan-ordet klassifisert som peikande pronomen, medan det andre ordet høyrde til ordklassa talord. Den gamle inndelinga i ordklasser var tufta på ordklassene i mål som latin og gamalgresk. For om lag tjue år sidan vart ei rad norske språkvitarar samde om at det var ulagleg å setja eit ord i ei viss klasse berre fordi det tilsvarande ordet i latin høyrde til den klassa. Det viktigaste er korleis ordet ter seg i norsk, meinte dei. Dimed vart skipnaden med ordklasser endra.

Det råka mange ord, mellom andre annan. Av syntaktiske grunnar gjekk annan frå å vera eit pronomen (eit pronomen kan stå i staden for ein substantivfrase) til å verta eit determinativ (eit determinativ er ein del av ein substantivfrase). Talord forsvann som eiga ordklasse. No er grunntala (t.d. to) ei undergruppe av determinativ, medan rekkje- eller ordenstala (t.d. annan) er ei undergruppe av adjektiv.

Ja, det er sanneleg vorte andre bollar. No kan ein stå der og røra om peikande pronomen som ein annan tåpe. Til alt hell er ikkje sjølve bruken av orda annleis no. Rekkjetalet annan målber at noko(n) kjem som nummer to, jamfør «koma på andreplass», «annan- el. andredag jol», «spela andrefiolin», «for det fyrste… for det andre». Om me vil seia at eit eller anna er halvveges til to, kan me nytta halvannan. Dreiar det seg om ‘kvar andre’, er annankvar eit godt ord å ha.

Determinativet annan er alt anna enn einsidig. Ofte nyttar me ordet om noko som er ulikt eller står i motsetnad til noko(n) (t.d. «i andre enden», «venta seg noko anna»), men ordet kan òg nyttast om fleire av same slaget («eg og ein annan fotgjengar», «kjeks og anna godt»). «Anna folk» og «dei andre» viser til andre enn oss sjølve. Einannan og kvarandre har derimot rom for oss: «Me hjelpte einannan/kvarandre.» Det er mykje anna å seia om annan, men det får verta ein annan gong.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis