Eit triks
Sylvia Johnsen er oppglødd over at Tromsø skal arrangera sjakk-OL.
– Har du lært nokre nye triks på jentesjakken i dag?
– Eg har lært eit sjekketriks, svara dotter mi.
– He he, eg meinte på sjakktreninga.
– Men eg har lært eit sjekketriks.
– Kven var trenaren dykkar i dag, sa du?
– Sylvia.
Aha, eg skjøna at no var alt mogleg. Sylvia Johnsen frå Stovner i Oslo er eit fenomen i norsk sjakk. Eg har kjent henne heile mitt sjakkliv, frå vi fyste gongen møttest og spela remis i eit parti i 1983. Ho er kjapp i hovudet, men endå kjappare i kjeften. Ho snakkar alltid før ho tenkjer, med eitt unnatak: Ho lanserte ideen om sjakkolympiaden i Noreg i ein kronikk i VG i 2004, ein idé ho hadde fått alt som 16-åring, då ho representerte Noreg i sjakk-OL i Hellas i 1984. I 2014 kom sjakk-OL til Tromsø. No skriv ho på ein roman om Torgersen-saka, men for meg er Sylvia meir fargerik enn nokon romanfigur. Ingen i norsk sjakk kan vera upåverka av eit møte med denne kvinna, heller ikkje dotter mi.
– Så kva er trikset til Sylvia?
– Jo, når ei jente går inn på ein bar …
– Men de er jo berre elleve år gamle …!
– Det er ikkje poenget. Sylvia var ein gong på ein bar der nokre kjekke gutar sat og spela sjakk. Ho såg med éin gong på måten dei førte hendene over brettet på, at dei ikkje var røynde klubbspelarar. Så ho gjekk bort og sa: «Eg kan slå dykk alle saman».
– He he, typisk Sylvia.
– Nei, pappa, det er ikkje alt. «Jaså,» sa gutane. «Eg kan slå dykk alle saman i blinde – med ein øl i kvar hand», sa Sylvia.
– Korleis gjekk det?
– Sylvia vann lett med bind for augo. «Slik fungerer girl power i sjakken», sa Sylvia. «Difor vil sjakken fylgja meg livet ut», sa ho.
– Lærte de noko anna på treninga i dag? spurde eg.
– Nei, eg trur ikkje det.
Historia er sann. Sjekketrikset fungerer.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?