Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Å ta tempen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den svenske astronomen og geofysikaren Anders Celsius (1701–1744) var med på å utvikle Celsius-temperaturskalaen, skriv Store norske leksikon.

Målarstykke av Olof Arenius

3656
20210226
3656
20210226

Om vi kjenner oss elendige, om vi frys eller sveittar, kan vi stikke ein liten pinne inn i øyret og få ut eit tal som fortel korleis det står til i kroppen vår. Talet skal vere 37 grader Celsius.

Dette talet, dette vesle instrumentet og denne skalaen har, også dei, gått ein lang veg i mennesketankens historie.

Korleis tala kom til, er av dei mange ting vi ikkje veit.

Den greske historikaren Herodot gjorde det enkelt. Tala kom frå Egypt, sa han.

Vanleg oppfatning i dag er at tala voks fram i den pytagoreiske skulen i Sør-Italia ca. 500 år f.Kr. Alt er tal, sa Pytagoras. Som Herodot var også han påverka av egyptisk tenking. Pytagorearane dreiv mykje med mystikk, okkultisme og talspekulasjonar. For dei var tal og harmoniske talforhold nøkkelen til å forstå verda og røyndommen. Tala kunne gripe og forklare ting i musikken og astronomien.

Så har tala brøyta seg inn i livet vårt, i alt vi driv med. Med sitt opphav i mystikk og okkultisme er dei blitt dei fremste vaktarane av presisjon og kalde fakta. Tal, gjerne som mange tal etter eit komma, fortel nøyaktig korleis tinga er.

Tala dominerer sport, økonomi, all tidmåling, mat og drikke, kaloriar og alkoholprosent og mykje meir. Og dei fortel altså nøyaktig om tilstanden i kroppen vår, om vi har feber.

I 1578 gav Johann Hasler (1548–1602) i Bern ut boka De Logistica Medica problematis novem, om medisin og tal. Hans plan var «å finne den naturlege temperaturgraden for kvart einaste menneske, alt etter alder, årstid, breiddegrad og andre påverknader». Forfattaren la fram eit skjema som viste korleis kroppstemperaturen varierte med breiddegraden, slik at legen kunne tilpasse medisinane til denne temperaturen. Kroppstemperaturen var høgare i Afrika enn i Europa, meinte Hasler.

Det er Daniel J. Boorstin (1914–2004) som fortel om dette i vitskapssoga si.

Robert Fludd (1574–1637), ein medlem av den mystiske rosekrossordenen, la rundt år 1600 fram eit termometer til å måle varme med. Det hadde han ikkje laga sjølv, sa han. Han hadde fått dei filosofiske prinsippa frå Moses, «teikna eller skisserte av Guds finger». I tillegg hadde han funne ideen om termometeret «i eit manuskript som er minst 500 år gammalt».

Vegen fram til dagens febertermometer var ikkje rett og bein. Det var mykje gammal arv og gamle tankar som måtte ryddast unna. Til og med Moses og hans gud blanda seg inn.

Santorio Santorio (1561–1636), som levde samtidig med Fludd, laga eit instrument som skulle måle kroppstemperaturen. Det var ein vasskolbe som var knytt til eit stigerøyr. Når vatnet vart oppvarma, utvida det seg, og vatnet steig i stigerøyret.

Når pasienten bles på kolben, og såleis varma opp vatnet, steig vatnet i stigerøyret. Om dette vart gjort over tid, visste legen kva vasstand som var normal for denne pasienten. Om det så ein dag kom ei endring, var det noko som ikkje var normalt.

Instrumentet kunne ikkje måle den eksakte kroppstemperaturen. Men det kunne måle endringar i denne temperaturen. Endringane var eit varslingssignal. Santorio var på veg mot å forstå og forklare feberen.

Dei målingstekniske problema melde seg straks. Kor lenge skulle pasienten blåse på vasskolben? Denne tida vart målt ved å telje pulsslag, slik Galileo Galilei (1564–1642) gjorde i domkyrkja i Pisa då han målte svingingstida til den store lampen ved å telje sin eigen puls. Det var den klokka han hadde.

Temperaturskalaen og dei absolutte tala var ikkje langt unna. Etter eit lite hundreår hadde Fahrenheit, Réaumur og Celsius fått temperaturen, også kroppstemperaturen, under kontroll, med tal og desimalar.

Feberen er framleis uregjerleg. Men vi har i alle fall tal på han.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis